Rok Benkovič () er ein slovensk tidlegare skihoppar frå Ljubljana. Han vart i 2005 verdsmeister i normalbakken i Oberstdorf.

Aktiv Benkovič debuterte i verdscupen i skihopping i desember 2001. Han fekk sølv i junior-VM i Sollefteå i Sverige i 2003, knappe tre poeng bakom Thomas Morgenstern frå Austerrike.

Før verdsmeisterskapen på ski i Oberstdorf i 2005 hadde Benkovič aldri vore betre enn nummer fem i verdscupen. I normalbakken i Oberstdorf slo han til med eit kjempehopp på 101 meter i fyrste omgang, og etter 91 m i andre omgang vart han verdsmeister med nokså klar margin i ei tevling som elles var svært jamn. Dagen etter var han med å sikre ein bronsemedalje for Slovenia i laghopping i same bakken, saman med Primož Peterka, Jure Bogataj og Jernej Damjan. Seinare i meisterskapen kom Benkovič på femteplass i storbakkennet.

Etter verdsmeisterskapen hevda Benkovič seg godt i hoppbakken resten av 2005-sesongen, men utan å kome på sigerspallen. I 2005/06-sesongen vart han derimot sjeldan lagt merke til, ein einsleg åttandeplass var hans beste resultat. Sesongen deretter, i 2006/07, hadde han ein 18. plass som beste prestasjon og la så opp som skihoppar ved sesongslutt.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rok Benkovič» frå , den 25. januar 2013.

Biografi hos FIS

Bakgrunnsstoff

Kategori:Slovenske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Slovenske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2006 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2003 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007