Hiri motu er eit pidginspråk som blir snakka på Papua Ny-Guinea. Språket er hovudsakleg basert på motu, eit austronesisk språk som blir tala rundt den papuanske hovudstaden Port Moresby. Engelsk, tok pisin og polynesiske språk har også påverka språket. Sjølv om ordforrådet er svært likt på motu og hiri motu, er fonologi og grammatikk likevel så forskjellige at språka ikkje er gjensidig forståelege.

Hiri motu utvikla seg som handelsspråk lenge før europearar kom til Ny-Guinea, der motufolk handla med andre folkegrupper. I tidleg kolonitid blei språket brukt av politifolk, noko som gav det namnet «politimotu». Rundt 1960 var hiri motu lingua franca i store delar av Papua Ny-Guinea. Etter denne tida har bruken gått nedover ettersom engelsk og tok pisin har teke over.

Språket har både austronesiske og papuanske dialektar. Dei papuanske dialektane er rekna som standard.

Bakgrunnsstoff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «hiri motu» frå , og «Hiri Motu language» frå den 31. januar 2013.

Kategori:Pidgin- og kreolspråk Kategori: Språk i Papua Ny-Guinea Kategori:Einskildspråk