«Sweet and Heavy» (engelsk for Søt og tung) er ein song av den norske musikkgruppa Lucky Lips, gjeven ut 30. januar 2013. Songen er skriven av Malin Pettersen.

Songen deltok i Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, og vart framført på engelsk av Lucky Lips. Bidraget starta i den tredje semifinalen og gjekk opphavleg ikkje vidare til finalen. Dagen etter semifinalen vart bidraget vald ut som joker av ein jury. Kva for plassering bidraget fekk i finalen er ikkje kjend, men det fekk ikkje representere Noreg.

Kjelder

Kategori:Engelskspråklege songar Kategori:Melodi Grand Prix 2013-songar Kategori:Engelskspråklege Melodi Grand Prix-songar