Inuvialuktun eller vest-kanadisk inuittspråk er tre inuitt-dialektarIñuvialuktun/Inuvialuktun/Inuinnaqtun / ᐃᓄᐃᓐᓇᖅᑐᓐ brukt nord i Nordvestterritoria blant dei kanadiske inuittane som kallar seg sjølv inuvialuitfolk.
Inuvialuktun er snakka blant inuittane i deltaet til elva Mackenzie i Nordvestterritoria, Banksøya, delar av Kitlineq og kysten av Nordishavet – landet som høyrer til Inuvialuit Settlement Region.
Inuvialuktun er eitt av dei elleve offisielle språka i Nordvestterritoria. Språket blir skrive med det latinske alfabetet – det er ingen tradisjon for å bruke inuittisk stavingsskrift. Språket har tre dialektar, og Inuvialuktun kan sjåast som ei strategisk eller språkpolitisk motivert samling av desse tre klart åtskilde dialektane.
Tidleg på 1800-talet, var Inuvialuit Settlement Region busett av siglit-inuittar , men fram mot 1900 gjekk den folkegruppa kraftig tilbake på grunn av nye sjukdommar. Inuittar frå Alaska flytta tidleg på 1900-talet inn i tradisjonelle siglit-område, lokka av den fornya etterspurnaden etter pelsverk. Desse inuittane vart kalla Uummarmiut – det tyder folket frå dei grøne trea – sidan dei kom frå busetnader nær den nordlege skoggrensa. Den første tida var det store motsetnader mellom siglit- og Uummarmiut-inuittar, men desse motsetnadene har lagt seg med tida, og dei to folkegruppene er integrerte med kvarandre i våre dagar.
Dialektar
Inuvialuktun-dialektane er alle alvorleg truga språk, sidan engelsk overtar som det ålmenne talespråket mellom folk i dette området. I følgje Inuvialuit Cultural Resource Centre, brukar berre 10% av dei omtrent 4,000 inuvialuittane inukitut, og berrre 4 % brukar språket som heimespråk.
Frå aust til vest er inuktitut-dialektane natsilingmiutut''' , inuinnaqtun og siglitun.
Nokre ord av inuvialuktun
Norsk Inuvialuktun uttaleHei Atitu Adjø Ilaannilu/Qakugulu / Takk Quyanainni Versågod Amiunniin God morgon Ublaami Ja Ii Nei Naaggai Kaldt! Brrr! Alaappa! Høyr! Ata! Kor kjem du frå? Nakinngaaqpin?/Sumiutauvin? / }Kva kostar dette? Qanuq akitutigivaa? Kyrkje Angaadjuvik Bjølle Aviluraun
KjelderDenne artikkelen bygger på «Inuvialuk language» frå , den 31. januar 2013.''
Kategori:Eskimoisk-aleutiske språk Kategori:Språk i Canada Kategori:Einskildspråk