Megascops er ei biologisk slekt av små ugler som samlar 23 nolevande kjente artar. Dei er farga i ulike brunaktige fargetonar. Nokre er polymorfe, og finst i ein grå og ein raudbrun morf.
Slekta har utbreiing avgrensa til Amerika og desse uglene er nærskylde Otus-uglene i «den gamle verda». Megascops blei skilt ut frå Otus siste gongen etter år 2000. Ulikskapen i lætet er ein påfallande skilnad mellom Megascops og Otus.
Nemninga på engelsk for Megascops-ugler er 'Screech owls'.
Skilding mini|høgre|Lundugle, Megascops asio, grå morf Megascops-uglene er 16-25 centimeter i høgd, 45-61 cm i vengespenn og mange har godt synlege fjørtoppar som gjev øyrelignande utsjånad. Dei er farga i ulike brunaktige fargetonar, nokre gonger med ei lysare undersida og eller andlet, noko som bidreg til å kamuflere dei mot borken av tre. Nokre er polymorfe, og finst i ein grå og ein raudbrun morf. Megascops-uglene jaktar frå utkikkspostar i halvopne landskap. Dei føretrekker område som inneheld gamle hòle tre, der dei kan finne bytte som inkluderer insekt, reptil, små pattedyr som flaggermus og mus og andre småfuglar.
Megascops-uglene lever primært som einslege fuglar. Hannfuglen byggjer reiret i eit holrom, nokre gonger opphavleg laga av eit anna dyr. Under rugetida vil hannen mate hoa som rugar. Desse fuglane er monogame, begge foreldra tar omsut for avkommet.
Dei normale territoriale ropa er ikkje er typiske uglelæte, men ei trille som består av meir enn 4 raske, individuelle tonar per sekund. I tillegg til dette har dei ein slags song som brukast under kurtise, og i duett mellom medlemmer av eit par.
Artslista mini|høgre|Totemugle, Megascops kennicottii Megascops-ugler i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Morseugle, Megascops trichopsis, Whiskered screech owl, (Wagler, 1832), (LC) Panamaugle, Megascops clarkii, Bare-shanked screech owl, (Kelso, L & Kelso, EH, 1935), (LC) Andesugle, Megascops albogularis, White-throated screech owl, (Cassin, 1849), (LC) Tropeugle, Megascops choliba, Tropical screech owl, (Vieillot, 1817), (LC) Guatemalaugle, Megascops barbarus, Bearded screech owl, (Sclater, PL & Salvin, 1868), (LC) Krattugle, Megascops cooperi, Pacific screech owl, (Ridgway, 1878), (LC) Totemugle, Megascops kennicottii, Western screech owl, (Elliot, DG, 1867), (LC) Lundugle, Megascops asio, Eastern screech owl, (Linnaeus, 1758), (LC) Balsasugle, Megascops seductus, Balsas screech owl, (Moore, RT, 1941), (LC) Mestisugle, Megascops guatemalae, Middle American screech owl, (Sharpe, 1875), (LC) manglar norsk namn, Megascops vermiculatus, Vermiculated screech owl, Ridgway, 1887, (LC) Quechuaugle, Megascops koepckeae, Koepcke's screech owl, (Hekstra, 1982), (LC) Tåkeugle, Megascops ingens, Rufescent screech owl, (Salvin, 1897), (LC) Lojaugle, Megascops petersoni, Cinnamon screech owl, (Fitzpatrick & O'Neill, 1986), (LC) Inkaugle, Megascops marshalli, Cloud-forest screech owl, (Weske & Terborgh, 1981), (NT) Saltaugle, Megascops hoyi, Yungas screech owl, (König, C & Straneck, 1989), (LC) Chocougle, Megascops centralis, Choco screech owl, (Hekstra, 1982), () Roraimaugle, Megascops roraimae, Foothill screech owl, (Salvin, 1897), () Duskugle, Megascops sanctaecatarinae, Long-tufted screech owl, (Salvin, 1897), (LC) Santamartaugle, Megascops gilesi, Santa Marta screech owl, Krabbe, 2017, (VU) Marañonugle, Megascops roboratus, West Peruvian screech owl, (Bangs & Noble, 1918), (LC) Amazonugle, Megascops watsonii, Tawny-bellied screech owl, (Cassin, 1849), (LC) Indianarugle, Megascops atricapilla, Black-capped screech owl, (Temminck, 1822), (LC)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Screech owl» frå , den 4. februar 2013.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Uglefamilien Kategori:Fuglar i den nearktiske regionen Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen Kategori:Fugleslekter