Hellas deltok i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Den greske rikskringkastaren Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) annonserte 15. januar 2013 at dei hadde inngått ei avtale med den private musikkanalen MAD TV for å arrangere ein nasjonal finale. I tillegg vil MAD TV handtere alle relaterte førebuingar knytte til tevlinga. ERT sa at dei hadde teke dette valet av di dei ikkje hadde sikra seg ei avtala med nokre plateselskap slik som tidlegare år. Bidraget vart valt i den nasjonale finalen, EUROSONG 2013 - a MAD show, 18. februar 2013.

Eurovision Channel ERT powered by MAD 7. februar 2013 skipa ERT og MAD TV ein spesiell 24/7-kanal kalla Eurovision Channel ERT powered by MAD på OTE TV. Kanalen vil verte nytta for å spele musikk frå Eurovision Song Contest, og innehed klipp av bidrag frå 1956 til i dag samt spesielle Eurovision-program.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Greece in the Eurovision Song Contest 2013» frå , den 6. februar 2013.

Fotnotar

2013 Kategori:Land i Eurovision Song Contest 2013 Kategori:2013 i Hellas Kategori:EUROSONG 2013 - a MAD show