Veøy gamle kyrkje er ei langkyrkje av stein på Veøya i Molde kommune kommune, Møre og Romsdal fylke. Det er ei mellomalderkyrkje, bygd rundt år 1200.

Veøya var i vikingtida ein kaupang, strategisk og sentralt plassert i Romsdalsfjorden. I dag er berre kyrkja og prestebustaden igjen. Kyrkja og prestebustaden høyrer no til Romsdalsmuseet, og er freda med heimel i lov om kulturminner.

Ei ny Veøy kyrkje vart i 1907 sett på Sølsnes på fastlandet som erstatning for den tidlegare «fylkeskyrkja» på Veøya.

Prestegarden ligg like utanfor kyrkjegardsmuren.

Bilete

Bakgrunnsstoff

Romsdalsmuseet: Veøya prestegard og middelalderkirke

Kategori:Kyrkjer i Molde Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Freda bygg i Møre og Romsdal Kategori:Kulturminne i Molde Kategori:Valkyrkjer i 1814