Torbjørn Løkken () er ein norsk tidlegare kombinertløpar frå Biri i Oppland. 1987 var hans store sesong, han vann då VM i Oberstdorf individuelt og verdscupen i kombinert, samt tre verdscuprenn og noregsmeisterskapen. Løkken var medlem av Biri Idrettslag og gjekk under tilnamnet «Biri'n».

Karriere Løkken byrja markere seg mellom dei beste kombinertrennarane i 1985-sesongen. Han fekk då to andreplassar i verdscupen i kombinert og tok bronsemedaljen i noregsmeisterskapen. Etter ein heller svak 1986-sesong kom han tilbake og var verdas beste kombinerutøvar i 1987. Gjennom sesongen vann han tre verdscuprenn og vart verdsmeister i kombinert i Oberstdorf framom landsmannen Trond Arne Bredesen. Dei same to løparane vann også VM-sølv for Noreg i lagtevlinga, saman med Hallstein Bøgseth.

Løkken vann to verdscuprenn i OL-sesongen 1988, men vart nummer seks i kombinertøvinga under dei olympiske leikane i Calgary. Han trappa ned satsinga på idretten ved sesongslutt i 1988, la opp i 1990 og utdanna seg til sjukepleiar.

Ymse Mange år seinare vart det offentleg kjent at Løkken i lang tid hadde vore rusmisbrukar.

Verdscupsigrar # Dato Stad 1 13. desember 1986 Canmore 2 17. januar 1987 Autrans 3 6. mars 1987 Falun 4 9. januar 1988 St. Moritz 5 18. mars 1988 Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1984: Nr 8 i Hof Ski-NM 1985: Bronsemedalje i Tromsø Ski-NM 1986: Sølvmedalje på Vang Ski-NM 1987: Gullmedalje i Steinkjer Ski-NM 1988: Sølvmedalje på Vang

Løkken vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1987.

Kjelder

Sportsboken, aktuelle årgangar Torbjørn Løkken i fis-ski.com Torbjørn Løkken i olympedia.org

Bakgrunnsstoff Torbjørn Løkken i fis-ski.com Torbjørn Løkken i olympedia.org

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske sjukepleiarar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Folk frå Gjøvik Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje