mini|Blanda bar- og lauvskog i Śnieżnikafjella i Sudetane. mini|Furuskog i Ķegums kommune i Latvia. mini|Bar lauvskog vinterstid
Skog er eit økosystem som er karakterisert av eit tett fellesskap av tre. Mindre tredekte område i eit elles ope landskap blir kalla «lund» eller «holt». Ein vill og uframkomeleg skog kan kallast «jungel», eit omgrep som også i stor grad er blitt nytta om tropisk regnskog.
Skogar høyre heime i område der nedbøren er større enn fordampinga. Om det på eit gitt område med klimatiske føresetnader for skogdanning på eit tidspunkt råder ein annan vegetasjonstype, anten pga. brann eller menneskeleg aktivitet, vil trea med den store høgda og kronene sine skugga ut annan vegetasjon, slik at skogen blir eit klimakssamfunn.
Det finst hundretals definisjonar av skog som blir brukt over heile verda, og dei inkluderer faktorar som tretettleik, trehøgd, bruk av jorda, juridisk status og økologisk funksjon. SN sin Mat- og landbruksorganisasjon (FAO) definerer ein skog som «land som strekker seg over 0,5 hektar med tre høgare enn 5 meter og eit trekronedekke på meir enn 10 prosent, eller tre som kan nå desse tersklane in situ. Det inkluderer ikkje land som hovudsakleg blir nytta til landbruks- eller byføremål.» Ved å bruka denne definisjonen kom Global Forest Resources Assessment 2025 fram til at skog dekte 4,14 milliardar hektar (41,4 millionar km²), eller omtrent 31 prosent av heile landarealet i verda, i 2025.
Ofte blir eit område definert som skog når det er så mange tre der at dei verker inn på lokalklimaet, det vil seia at det er mindre vind og anna temperatur mellom trea enn om det ikkje hadde vore tre der. Når høgda på trea er over 5 meter og avstanden mellom dei er mindre enn 30 meter gjev dei ein slik påverknad på klimaet.
Skog er det største landbaserte økosystemet på jorda etter område, og finst over heile verda. 45 prosent av skoglandet ligg på tropiske breiddegrader. Den nest største delen av skogar finst i subarktiske klima, følgd av tempererte og subtropiske soner.
Skog står for 75 % av den totale primære produksjonen av biosfæren på jorda, og inneheld 80 % av plantebiomassen på jorda. Nettoprimærproduksjonen er estimert til 21,9 gigatonn biomasse per år for tropisk skog, 8,1 for temperert skog og 2,6 for boreal skog.
Skogar dannar særskilde ulike biom på ulike breiddegrader og høgdenivå, og med ulike nedbørsnivå og evapotranspirasjon. Desse bioma inkluderer boreal skog i subarktiske klima, tropisk fuktig skog og tropisk tørr skog rundt ekvator og temperert skog på middelbreiddegradane. Det blir danna skog i område på jorda med høg nedbør, medan tørre vilkår vil medføra ein overgang til savanne. I område med middels nedbørsnivå går skogen raskt over til savanne når delen av jord som er dekka av tre fell under 40 til 45 prosent. Undersøkingar utført i Amazonas-regnskogen viser at tre kan endra nedbørsfrekvensen over ein region, og frigjera vatn frå blada sine i påvente av regn, noko som kan utløysa regntida tidlegare. På grunn av dette byrjar regn i Amazonas to til tre månader tidlegare enn klimaet elles ville tillate. Avskoging i Amazonas og menneskeskapte klimaendringar har potensial til å forstyrra denne prosessen, og føre til at skogen går over ein terskel der han går over til savanne.
Avskoging truer mange skogøkosystem. Avskoging finn stad når menneske fjernar tre frå eit skogområde ved å hogga eller brenna dei, anten for å hausta tømmer eller for å rydda jorda til jordbruk. Det meste av avskoginga i dag skjer i tropiske skogar. Størstedelen av denne avskoginga er på grunn av produksjon av fire råvarer: tre, oksekjøt, soya og palmeolje. I løpet av dei siste 2000 åra har arealet med skogdekke i Europa blitt redusert frå 80 % til 34 %. Større skogområde er òg blitt rydda i Kina og i det austlege USA, der berre 0,1 % av jorda ligg uforstyrra att. Nesten halvparten av skogareala på jorda (49 prosent) er relativt intakte, medan 9 prosent finst i fragment med lite eller inkje samband. Tropisk og boreal barskog er minst fragmentert, medan subtropisk tørr og temperert marin skog er blant dei mest fragmenterte. Om lag 80 prosent av skogareala i verda finst i parker som er større enn . Dei resterande 20 prosenta ligg i meir enn 34 millionar stykke rundt om i verda - det aller fleste av desse er mindre enn 1000 hektar i storleik.
Menneskesamfunn og skogar kan påverka kvarandre positivt eller negativt. Skogane kan gje folk økosystemtenester, og kan vera turområde og turistattraksjonar. Skogar kan òg påverke helsa til menneske. Menneskeleg aktivitet, inkludert ikkje-berekraftig bruk av skogressursar, kan påverke skogøkosystema negativt.
Definisjonar mini|Tornete skog ved Ifaty på Madagaskar, med ulike artar av Adansonia (baobab), Alluaudia procera og annan vegetasjon. mini|Felt og nyplanta skog i Sutherland i Skottland.
Sjølv om ordet «skog» er i utbreidd bruk, finst det ikkje ein universelt anerkjend nøyaktig definisjon av det. Det finst meir enn 800 definisjonar på «skog» som blir brukte i heile verda. Sjølv om ein skog vanlegvis blir definert av at det finst tre der, kan eit område som ikkje har tre under mange definisjonar likevel bli rekna som ein skog dersom det har vokse tre der i fortida, tre kjem til å veksa der i framtida, eller det er blitt juridisk definert som ein skog, uavhengig av vegetasjonstype.
Det finst tre breie kategoriar av definisjonar av skog som er i bruk: administrative, bruk av land og landdekke. Administrative definisjonar er juridiske tildelingar, og treng ikkje spegla kva type vegetasjon som veks på ein stad; eit område kan juridisk kallast «skog» sjølv om det ikkje veks tre på det. Definisjonar som gjeld bruk av land er baserte på det primære føremålet med jorda det er snakk om. I ein slik definisjon blir eit område som blir nytta for å hausta tømmer, inkludert område som er blitt rydda gjennom hogst, sjukdom, brann eller til bygging av vegar og infrastruktur, definert som skog, sjølv om dei ikkje har tre. Definisjonane som gjeld landdekke definerer skog basert på tettleiken av tre, område med trekronedekke eller område av jorda som er dekka av tverrsnittet til stammane (basalareal) som når over ein viss terskel. Denne typen definisjon byggjer på at det finst nok tre til å nå terskelen, eller i det minste nok umogne tre som vil nå terskelen når dei blir eldre.
Under definisjonane knytte til landdekke er det stor variasjon på kva tilhøve det er mellom skogen, mark og savanne. Nokre definisjonar krev svært høge nivå av trekronedekke, frå 60 % til 100 %, noko som ekskluderer mark- og savanneområde som har lågare dekke. Andre definisjonar reknar savanna som ein type skog, og inkluderer alle område med trekronedkeke på over 10%.
Nokre område som er dekka av tre er juridisk definerte som jordbruksområde, til dømes granplantasjar, etter austerriksk skoglov, når trea blir dyrka til juletre og er under ei viss høgd.
Norske definisjonar Skogforvaltaren Knut Skinnemoen har formulert denne definisjonen av «skog»:
Skog er eit område der det veks tre, og som elles oppfyller følgjande krav: Trea må kunne nå ei viss høgd. Denne høgda er ikkje fast, men ved definisjon av fjellskoggrensa er ho foreslått sett til 3 meter. Trea må stå så tett at dei gjensidig påverkar kvarandre. Ved definisjon av fjellskoggrensa er minsteavstanden i skog sett til 30 meter. Det tresette arealet må ha ein viss storleik, i det minste så stor at tresamfunnet er skikka til varig produksjon av trevyrke. Tettleik og areal må til saman gje opphav til eit skogklima som skil seg frå klimaet i området utanom skogen (i «omgivelsene»).
Etter § 2 i den norske Skogbrukslova er skogsmark etter lova grunn som er skogproduserande, eller som etter ei samla vurdering er best eigna for skogproduksjon, og som ikkje er nytta til andre formål.
Evolusjonshistorie Dei fyrste kjende skogane på jorda oppstod i den midtre devontida (for kring 390 millionar år sidan), då Cladoxylopsida-plantar som Calamophyton utvikla seg. I seindevon dukka Archaeopteris opp, ein plante som både var tre- og bregneaktig og kunne bli 20 meter høg eller meir. Slike plantar spreidde seg raskt gjennom verda, frå ekvator til subpolare breiddegrader. Desse plantane var dei fyrste ein kjenner til som danna skugge med blada sine, og danna mold ved røtene. Archaeopteris var lauvfellande, og blada fall på skogbotnen der skuggen, molda og planteavfallet danna tidlege skogar. Det falne organiske materialet endra ferskvassmiljøet ved å senka farten på det og tilføra næring. Dette gjorde at ferskvassfisk kunne leva i det.
Historia til jorda har hatt fleire episodar med avskoging, særleg kollapsen til den tropiske skogen i karbontida, eller den neolittiske revolusjonen. For kring 8000 år sidan byrja menneska ved hjelp av eld å fella skog på den nordlege halvkula (fyrst i Kina). Menneske brukte område med sparsamt skogdekke til å utvida lysningar og grassletter, og praktiserte skogrydding gjennom brenning, dyrking eller beite i fleire tusenår.. Medan det totale arealet av tropiske skogar i verda var stort sett uendra fram til byrjinga av 1900-talet,. blei arealet av tempererte skogar betydeleg redusert av dei store ryddingane som akselererte frå mellomalderen og utover, særleg i Europa, der lauvskogarealet gikk kontinuerleg tilbake frem til 1800-talet, og eigenskapar som artssammensetnad, struktur og jord også blei sterkt endra. I varme tempererte område kring Middelhavet, der korndyrking og husdyrhald spreidde seg frå Midtausten, blei skogar massivt gjort om til jordbruksland eller degradert av beitebruk. I løpet av nokre tusenår blei dei endra til miljø som garrigue og maquis.
Den store oppdagingstida som byrja frå like før 1500-talet og heldt fram til byrjinga av 1700-talet, og deretter seglskiptida (vanlegvis datert til mellom 1571 og 1862) som såg den aukande internasjonale sjøfarten og sjøslaga, sette tre i sentrum av den økonomiske utviklinga til fleire maritime makter. Desse maktene sette i gang ein skogpolitikk som hadde som mål å betra skogforvaltning og -planlegging for å handtera mangel på tømmer. I løpet av 1800-talet frigjorde den industrielle revolusjonen skogområda frå menneskeleg trykk med byrjinga av utflytting frå landsbygda og erstatninga av trekol med kol frå gruver og vasskraft til energiforsyning. Dette lét skogen utvida seg att over heile Europa. Rørsla for å verna skogane voks seg sterk i dei siste tiåra av 1800-talet. Berekraftig skogforvaltning blei gradvis anerkjend frå 1990-talet av, i ein kontekst med overbeskatting av naturressursar i skogane i Amazonas, ekvatoriale Afrika og Malaysia/Indonesia-området i Asia.(Communiqué intitulé « La déforestation se poursuit à un rythme alarmant - Nouveaux chiffres de la FAO sur les forêts mondiales » Rome, 14 novembre 2005 ; basé sur les conclusions de l’Évaluation des ressources forestières mondiales 2005, étude la plus complète à cette date, portant sur l'usage et la valeur des forêts dans et territoires, de 1990 à 2005) Skogtypar mini|Temperert regnskog i Hellyer Gorge på Tasmania.
Globalt skil ein gjerne mellom fire hovudøkosystem. Innanfor kvart av dei finst det mange undergrupper.
Eviggrønn, tropisk regnskog Tropisk lauvfellande skog Temperert regnskog Lauvfellande temperert lauvskog Nordleg (boreal) barskog
Primær- og sekundærskog mini|Tett, jamn urskog av bøk (Fagus sylvatica) som er klare til å bli regenererte av småtre i undersjiktet, i Brussel-delen av Forêt de Soignes/Zoniënwoud.
Primærskog er skog som aldri har vore vesentleg påverka av menneskeleg aktivitet, og der dei naturlege økologiske prosessane føregår uforstyrra. Desse skogane har ein unik økologisk verdi, sidan dei inneheld eit rikt biologisk mangfald og lagrar store mengder karbon, noko som bidrar til å dempe klimaendringar.