The Phenix Horns, opphavleg kalla EWF Horns, er blåserekkja i Earth, Wind & Fire, og for Phil Collins og Genesis. Dei fire medlemmane var Don Myrick på saksofonar, Louis «Lui Lui» Satterfiel på trombone, Rahmlee Michael Davis på trompet og Michael Harris på trompet.

Don Myrick, Lui Lui Satterfield og Michael Davis spelte i lag tidleg i 1970-åra med The Pharaohs, og to album av dei er gjevne ut på CD, The Awakening frå 1971 og konsertalbum In the Basement i 1972.

Dette bandet utvikla seg til The Phenix Horns som vart den originale blåserekkja til Earth Wind & Fire frå 1975 til 1982.

Bandleiaren Don Myrick vart drepen i 1993"Saxophonist Donald Myrick fatally shot in drug probe", Jet, 23 August 1993 og Louis Satterfield døydde i 2004.Respect 2004 Page

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Phenix Horns» frå , den 11. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Earth, Wind & Fire Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:USA-amerikanske brassband Kategori:USA-amerikanske funkband Kategori:USA-amerikanske jazzgrupper