Dominic Miller () er ein argentinsk-engelsk gitarist som har arbeidd med World Party og King Swamp, Phil Collins på ...But Seriously og spelt gitar på kvart Sting-album og turné sidan 1990. Han har skriven fleire songar i lag med Sting som «Shape of My Heart», som vart ein hit for både Craig David og Sugababes.
Han vart fødd i Buenos Aires og budde dei første ti åra sine i Argentina og flytta så med familien til Nord-Amerika og slo seg ned i Wisconsin, før han flytta til London. Han studerte musikk ved Guildhall School of Music i London og Berklee College of Music i Boston. Han tok òg timar hos den brasilianske gitaristen og komponisten Sebastião Tapajós.
Etter å ha turnert med World Party i 1980-åra vart han medlem av King Swamp og turnerte med dei. Han arbeidde på eit soloalbum av Phil Collins, ...But Seriously. Han spelte gitar på innspelingane til Sting og frå 1990 har han delteke på alle albuma og turneane til Sting. Miller har òg arbeidd som plateprodusent og produserte og spelte på soloalbumet til Walter Wray, Foxgloves and Steel Strings i 1993.
Miller har òg gjeve ut album og turnert som soloartist. Det første albumet hans, First Touch, kom ut i 1995, etterfølgd av Second Nature (1999) og New Dawn (2002). Han følgde opp med Third World (2004) og Fourth Wall (2006).
I 2003 gav han ut det klassiske albumet Shapes der han tolka stykke av Bach, Beethoven, Elgar og Albinoni. Albumet nådde 38. plass på den brtiske albumlista i 2003.
Dominic Miller bur i dag i Frankrike.
Discography 1995: First Touch 1999: Second Nature 2002: New Dawn (med Neil Stacey) 2003: Shapes 2004: Third World 2006: Fourth Wall 2009: In A Dream (med Peter Kater) 2010: November 2012: 5th House
Musikarar som han har arbeidd med Sting Sugababes Chris Botti Bryan Adams A.R. Rahman Joss Stone Backstreet Boys Vinnie Colaiuta Phil Collins Sheryl Crow Placido Domingo Donovan Julia Fordham Peter Gabriel Pat Metheny Mariza Mark Hollis Mark Hudson Michael Kamen Manu Katché Nigel Kennedy Kenny Kirkland Kristina Kovač Level 42 Mike Lindup Jimmy Nail Howard New Pino Palladino Luciano Pavarotti Guy Pratt Pretenders Rod Stewart Ian Thomas Tina Turner Steve Winwood Walter Wray Rick Wright Paul Young
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Folk frå Buenos Aires