Dance into the Light er det sjette soloalbumet til den engelske musikaren Phil Collins, gjeve ut 8. oktober 1996 i USA og 28. oktober 1996 i Storbritannia. Det fekk fokus fordi det var det første albumet Collins gav ut som soloartist etter at han slutta i Genesis tidlegare på året. Han hadde med seg gjester på korvokal, som Arnold McCuller og Amy Keys.

Albumet fekk negativ omtale av dei fleste kritikarane, medan somme peikte på nokre gode punkt på albumet. Det selde heller ikkje særskild bra og trass i at det nådde 23. plassen på den amerikanske Billboard 200, vart albumet det minstseljande albumet hans til då. Dance into the Light selde til gullplate i USA og totalt 850 000 eksemplar. Albumet var det første av Collins som ikkje inneheldt hitsinglar som nådde topp 40 i USA. Tittelsporet nådde berre 45. plassen, men gjekk inn på topp 10 i Storbritannia.

Trass i skuffande salstal la Collins ut på turné i USA etter albumet, som av ein av dei mest innbringande turneane det året med mange utselde konsertar. Albumet markerte òg debuten til Vine Street Horns, som erstatta Phenix Horns.

Historie Etter skuffande sal for det førre albumet, Both Sides, valde Phil Collins å lage det mest livlege albumet han hadde laga sidan No Jacket Required i 1985. Med untak av «Just Another Story», inneheld albumet mange livlege songar, som den Beatles-inspirerte «It's in Your Eyes», «Wear My Hat» og tittelsporet på albumet.

Collins nytta ikkje trommemaskin i det heile på albumet.

«Dance into the Light» var den einaste songen på albumet som vart gjeven ut på samleplata ...Hits.

Innhald

Medverkande Frå plateomslaget.

Musikars Phil Collins – vokal, trommer, perkusjon, kalimba (1), sologitar (2, 5, 7, 10), rytmegitar (2, 5, 7, 12), klaverinstrument (5, 7–10, 12), slidegitar (12), piano (13), sekkepiper (13) Daryl Stuermer – sologitar (1, 3, 4, 6, 8, 13), rytmegitar (2, 5, 7, 9, 10), gitarar (11) Ronnie Caryl – rytmegitar (1–10, 13), sologitar solo (12) Nathan East – bassgitar Brad Cole – klaverinstrument (1, 3, 4, 6, 11), strykarar (8), orgel (9, 10, 13) Amy Keys – korvokal (1, 3, 6, 8–11) Arnold McCuller – korvokal (1, 3, 6, 8–11) Vine Street Horns (1, 4, 6, 8, 9) Harry Kim – trompet Daniel Fornero – trompet Arturo Velasco – trombone Andrew Woolfolk – saksofon

Produksjon Produsert og miksa av Phil Collins og Hugh Padgham Lydteknikar: Hugh Padgham Assisterande lydteknikar: Simon Osborne Blåsarar arrangert av Harry Kim and Phil Collins Kusntnarisk leiing: David Costa og Dan Einzig Kunst: Wherefore Art? Fotografi: Gered Mankowitz Michaela Odone – dikt for «Lorenzo»

Salslister og salstrofé

Liste (1996)PlasseringKanadiske album (RPM)9Den danske albumlista (Hitlisten)5Den franske albumlista (SNEP)1Ungarske album (MAHASZ)27Italienske album (FIMI)4Den japanske albumlista (Oricon)33Polske album (ZPAV)5Portuguisiske album (AFP)1Skotske album (OCC)9Spanske album (AFYVE)3

Årslister Liste (1996)PlasseringDen tyske albumlista29Liste (1997)PlasseringDen tyske albumlista71

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dance into the Light» frå , den 13. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:Phil Collins-album Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av Phil Collins Kategori:Album produserte av Hugh Padgham Kategori:Nummer-ein-album i Frankrike Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Nummer-ein-album i Portugal Kategori:Nummer-ein-album i Sveits