Viper er samnemninga for fuglar i den biologiske slekta Vanellus, og medlemmer av lofamilien, Charadriidae. Namnet vanellus er latinsk for ‘lita vifte’, det er diminutiv av vannus, ‘vifte’. Namnet refererer til lyden vengeslaga gjer i flukt.Terres & NAS (1980): p.741 I Europa refererer det norske fellesnamnet «vipe», og det samhøyrande engelske fellesnamnet , ofte spesifikt til arten vipe, den einaste medlemmen i slekta som kan treffast over det meste av kontinentet.

Eit par artar av desse fuglane har ein karakteristisk fjørtopp på hovudet og mange flyg med langsame, uregelmessig vengeslag og læt eit skingrande, jamrande skrik. Ei vipe kan sjåast som ei stor lo.

Skildring Desse langbeinte vadarane har sterkt mønstra fjørdrakt. Jamvel om den mest kjende arten, vipe, Vanellus vanellus, har ein fjørtopp på hovudet, er det berre to andre vipeartar som har tilsvarande. Ein meir typisk dekorasjon er hudfolder i andletet i raudt eller gult. Kroppslengda er ca. 25 til 38 centimeter.

Berre fem av artane, inkludert arten vipe er verkeleg trekkfuglartar. Andesvipe trekker ned til lågare høgd om vinteren.

Smedvipe, sporevipe, elvevipe, bronsevipe, andesvipe og lovipe er raudauga artar med ein spore som stikk ut frå vengeknoken.

Mange har små hudlappar slik som svarttoppvipe, flekkvipe, brillevipe og beltevipe. Andre har store hudlappar eller masker slik som kvitkronevipe, stripehovudvipe, hinduvipe, bronsevipe, andesvipe, javavipe og maskevipe.

Artslista Vanellus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Vipe, Vanellus vanellus, Northern Lapwing, LC, Linné, 1758 Langtåvipe, Vanellus crassirostris, Long-toed Lapwing, LC, Hartlaub, 1855 Smedvipe, Vanellus armatus, Blacksmith Lapwing, LC, Burchell, 1822 Sporevipe, Vanellus spinosus, Spur-winged Lapwing, LC, Linné, 1758 Elvevipe, Vanellus duvaucelii, River Lapwing, NT, Lesson, 1826 Hinduvipe, Vanellus malabaricus, Yellow-wattled Lapwing, LC, Boddaert, 1783 Svarttoppvipe, Vanellus tectus, Black-headed Lapwing, LC, Boddaert, 1783 Kvitkronevipe, Vanellus albiceps, White-headed Lapwing, LC, Gould, 1834 Sørgjevipe, Vanellus lugubris, Senegal Lapwing, LC, Lesson, 1826 Fjellsørgjevipe, Vanellus melanopterus, Black-winged Lapwing, LC, Cretzschmar, 1829 Kronvipe, Vanellus coronatus, Crowned Lapwing, LC, Boddaert, 1783 Stripehovudvipe, Vanellus senegallus, Wattled Lapwing, LC, Linné, 1766 Flekkvipe, Vanellus melanocephalus, Spot-breasted Lapwing, LC, Rüppell, 1845 Brunbrystvipe, Vanellus superciliosus, Brown-chested Lapwing, LC, Reichenow, 1886 Gråhovudvipe, Vanellus cinereus, Gray-headed Lapwing, LC, Blyth, 1842 Brillevipe, Vanellus indicus, Red-wattled Lapwing, LC, Boddaert, 1783 Javavipe, Vanellus macropterus, Sunda Lapwing, CR, Wagler, 1827 Beltevipe, Vanellus tricolor, Banded Lapwing, LC, Vieillot, 1818 Maskevipe, Vanellus miles, Masked Lapwing, LC, Boddaert, 1783 Steppevipe, Vanellus gregarius, Sociable Lapwing, CR, Pallas, 1771 Sumpvipe, Vanellus leucurus, White-tailed Lapwing, LC, Lichtenstein, 1823 Lovipe, Vanellus cayanus, Pied Lapwing, LC, Latham, 1790 Bronsevipe, Vanellus chilensis, Southern Lapwing, LC, Molina, 1782 Andesvipe, Vanellus resplendens, Andean Lapwing, LC, Tschudi, 1843

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vanellus» frå , den 16. februar 2013. oppgav desse kjeldene: Campbell, Kenneth E. Jr. (2002): A new species of Late Pleistocene lapwing from Rancho La Brea, California. Condor 104: 170-174. HTML abstract and first page image Hayman, Peter; Marchant, John & Prater, Tony (1986): Shorebirds: an identification guide to the waders of the world. Houghton Mifflin, Boston. ISBN 0-395-60237-8 Mlíkovský, Jirí (2002): Cenozoic Birds of the World, Part 1: Europe. Ninox Press, Prague. PDF fulltext Piersma, Theunis & Wiersma, Popko (1996): Family Charadriidae (Plovers). In: del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew & Sargatal, Jordi (eds.): Handbook of the Birds of the World (Volume 3: Hoatzin to Auks): 384-443, plates 35-39. Lynx Edicions, Barcelona. ISBN 84-87334-20-2 Terres, John K. & National Audubon Society (1980): The Audubon Society Encyclopedia of North American Birds. Alfred A. Knopf, New York. ISBN 0-394-46651-9 Thomas, Gavin H.; Wills, Matthew A. & Székely, Tamás (2004): A supertree approach to shorebird phylogeny. BMC Evol. Biol. 4: 28. PMID 15329156 PDF fulltext Supplementary Material

Bakgrunnsstoff Videoar av viper hos Internet Bird Collection

kategori:lofamilien Kategori:Fugleslekter