mini|Sturgeons magnet med 16 viklingar av bar kopartråd på ei lakkert jernstong. William Sturgeon () var ein britisk fysikar. Han konstruerte i 1824 den første brukbare elektromagneten. Sturegon tente ikkje på oppfininga si, og døydde fattig.

Liv Sturgeon var son av ein skomakar i Lancashire. Tretten år gammal vart han skomakarlærling, men verva seg i Westmorland Militia og var frå 1804 til 1820 ved artilleriet. I fritida si lærde han seg matematikk, latin, gresk og naturvitskap. Etter militærtenesta slo han seg ned i Woolwich som skomakar, der han òg eksperimenterte med elektrisitet og laga sine eigne instrument.

I 1824 vart Sturgeon utnemnd til lektor i eksperimentell naturvitskap ved Det britiske austindiske kompaniet si militære utdanning i Addiscombe. Han byrja i 1836 med eit eige tidskrift, Annals of electricity, magnetism, and chemistry. I 1840 vart han utnemnd til sjef for Royal Victoria Gallery of Practical Science i Manchester. Men nokre år seinare hadde både Gallery og tidskriftet opphøyrt. Dei siste åra av livet sitt livnærte han seg som timelærar ved ulike utdanningsstader rundt Manchester. Han fekk eit stipend på 200 pund og i 1849 ein årleg pensjon på 50 pund, men han døydde 1850.

Verk William Sturgeon utvikla det første elektrodynamiske galvanometeret og den første brukbare elektromagneten i 1824.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «William Sturgeon» frå , den 17. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Engelske oppfinningar Kategori:Folk frå Lancashire Kategori:Folk frå den industrielle revolusjonen Kategori:Fysikarar på 1800-talet