Konkav er eit adjektiv som vert nytta om noko som krummar innover. Konkavitet er eigenskapen å vere konkav. Motsetninga til konkav er konveks.

Ordet konkav har opphav i latin, i ein samansetnad av forstavinga co(n) = saman og adjektivet cavus = hol.

Konkav eller konkavitet kan referere til

Biologi:

Konkavflatviklar, ein sommarfugl.

Fysikk:

Konkav linse, ei linse med sideflater som er plane eller krummar innover. Konkav spegel, ein spegel der spegelflata krummar innover, bort frå det innfallande lyset.

Matematikk:

Konkav polygon, ein mangekant som ikkje er konveks. Konkav funksjon, ein funksjon der mengda av punkt under funksjonen er ei konveks mengde.

I tillegg kan omgrepet konkav oppover nyttast om konvekse funksjoner, og konkav nedover om konkave funksjoner.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Konkav» frå , den 17. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Matematikk Kategori:Optikk