Olav Nilssen Økern () var ein norsk langrennsløpar. Han konkurrerte i 1930- og 40-åra og representerte Bærums skiklub. I 1948 vann han ein OL-bronse for Noreg under vinter-OL i St. Moritz og i 1938 eit VM-sølv, begge i 4x10 km stafett.
Aktiv Økern var med på det norske sølvlaget på stafetten under VM 1938. Vinteren 1940 vann han 18-kilometeren i Holmenkollen.
Under andre verdskrigen var Økern tillitsmann på skifabrikken Splitkein i Oslo og vart arrestert etter Mjølkestreiken. Han sat i tukthus i nærleiken av Hamburg til han vart sett fri i 1942.
Etter verdskrigen var over kom Økern i 1946 på femteplass på 18 km i Holmenkollen. Under OL i 1948 i St. Moritz vart han nummer 13 og nest beste nordmann på 18 km. Sidan i olympiaden gjekk han andreetappen for det norske stafettlaget som vann bronsemedaljen, dei andre løparane var Erling Evensen, Reidar Nyborg og Olav I. Hagen.
Økern deltok også i OL i 1952 i Oslo, og nær 41 år gammal vart han nummer fire på 50 km. Same året vart han også nummer fire på femmila i Holmenkollen, men det var eit renn utan internasjonal deltaking.
Økern vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1950. Onkelen Harald Økern fekk Holmenkollmedaljen i 1924.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1946: Nr 4 på 18 km Ski-NM 1948: Nr 5 på 18 km på Lillehammer Ski-NM 1949: Nr 10 på 18 km på Steinkjer Ski-NM 1950: Bronsemedalje på 30 km Ski-NM 1951: Nr 4 på 50 km i Narvik Ski-NM 1952: Sølvmedalje på 50 km på Eidsvoll og bronsemedalje på 30 km i Porsgrunn
Kjelder P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957 FIS-profil
Bokmålswikipedia
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Folk frå Hole