«Only Teardrops» var det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Emmelie de Forest. Songen er skriven av Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard.

Dansk Melodi Grand Prix 2013 Ti bidrag vart valde ut av Danmarks Radio (DR) til å delta i finalen i Dansk Melodi Grand Prix 2013 i Herning i Danmark.

Finalen Songen starta som nummer åtte, etter Jack Rowan og Sam Gray med «Invincible» og før Albin med «Beautiful to Me». Bidraget enda mellom dei tre beste og gjekk vidare til superfinalen. I superfinalen fekk songen 26 poeng og vann. «Only Teardrops» får dimed representere Danmark i Eurovision Song Contest 2013.

Eurovision Song Contest 2013

Sidan berre dei fem store og vertslandet er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Sidan Malmö ligg nært geografisk til både Danmark og Norge vart det stadfesta at dei to landa ville ikkje ville delta i same semifinale for å maksimere tilgjenge på billetter til båe landa. Etter ei trekning på hovudkvarteret til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) vart det stadfesta at Danmark vil delta i den fyrste semifinalen og Noreg i den andre semifinalen. Den fyrste semifinalen vil finne stad 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 1 Songen starta som nummer fem, etter Kroatia med «Mižerja» av Klapa s Mora og før Russland med «What If» av Dina Garipova. Sangen kom videre til finalen.

Finalen Songen vann heile Eurovision Song Contest i 2013.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Only Teardrops» frå , og «Only Teardrops» frå den 20. februar 2013.

Fotnotar

Kategori:Dansk Melodi Grand Prix 2013-songar Kategori:Engelskspråklege Dansk Melodi Grand Prix-songar Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-vinnarsongar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarsongar