Unni Løvlid () er ein norsk folkemusikar frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna frå Norges Musikkhøgskole, og er den fyrste som har utøvande hovudfag i tradisjonssong (2002). Unni Løvlid vann Gammleng-prisen for folkemusikk i 2007.
Ho er dotter til folkesongar Oline Løvlid.
Utgjevingar Lux (2013) Rite (2008) Vita (2005) So ro liten tull (1999)
Unni Løvlid er dessutan med på desse utgjevingane: Seven Winds (2009) Rusk II (2006) Gjenklang (2006) Draumkvedet (2006) (Arne Nordheim) Bridges: Live in China (2005) Rusk (2002) Listen – The Art of Arne Nordheim (2002) Norsk folkemusikk og folkedans (2001) Hornindalstausene: Frie former (2000) Ingunn Linge Valdal og Knut Ivar Bøe: Ferdafolk (1997)
Bakgrunnsstoff Unni Løvlid heimeside Unni Løvlid Folkemusikk.no sin utøvarkatalog Lydopptak av Unni Løvlid kan du høyre her. Opptaka er gjort av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, musikkavdelinga.
kategori:Folk frå Hornindal kategori:Norske folkemusikarar