Havre Mountains er ei stor fjellkjede heilt nordvest på Aleksanderøya i Antarktis som strekkjer seg 20 nautiske mil frå aust til vest mellom Cape Vostok og Russian Gap. Fjella vart først sett i 1821 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen og observert på ny av Belgica-ekspedisjonen, 1897–99. Dei vart grovt kartlagde av Den franske antarktisekspedisjonen, 1908–10, under Jean-Baptiste Charcot, som namngav dei etter Le Havre, den franske hamnebyen som «Pourquoi-Pas?» segla ut frå i 1908. Fjella vart kartlagde i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947–48, av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960.

Sjå òg Lassus Mountains Rouen Mountains

Kjelder

Kategori:Fjellkjeder på Aleksanderøya Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter franske stader