Desko Mountains er ei fjellkjede på Rothschild Island, like nordvest for Aleksanderøya i Antarktis. Fjellkjeda strekkjer seg 20 nautiske mil (37 km) frå Bates Peak til Overton Peak og stig opp til kring 1 000 moh ved Enigma Peak på Fournier Ridge. Andre fjell er Goward Peak, Schenck Peak, Morrill Peak og Thuma Peak. I aust ligg Lazarev Bay, ei rektangulær bukt som skil austsida av Rothschild Island frå nordvestkysten av Aleksanderøya.
Fjella vart delvis sett på avstand av F. Bellingshausen i 1821 og av Jean-Baptiste Charcot i 1909, men detaljane var lenge ukjende. Fjellkjeda vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operasjon Highjump og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947 og kartlagd frå flyfotografi av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Fjellkjeda vart ytterlegare kartlagd av U.S. Navy sine flyfotografi, 1966, og Landsat-bilete i 1975. Dei vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter offiser Daniel A. Desko i US Navy, befalshavande under Operasjon Deep Freeze, 1977.
Kjelder
Kategori:Fjellkjeder i Palmer Land