Olympus Range er ei hovudsakleg isfri fjellkjede i Victoria Land med toppar på over 2000 moh., mellom Victoria og McKelvey Valleys i nord og Wright Valley i sør. Ho vart kartlagd av Victoria University of Wellington Antarctic Expedition (VUWAE), 1958–59, og kalla opp etter den mytologiske heimstaden til dei greske gudane. Fjella i fjellkjeda er kalla opp etter figurar i gresk mytologi.

Kjelder

Kategori:Fjellkjeder i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys