Wilkniss Mountains er ei markant fjellgruppe, som strekkjer seg kring 15 km frå nord til sør, 14 km aust-søraust for Mount Feather i Quartermain Mountains i Victoria Land i Antarktis. Fjella er kring 5 km breie i nord der Mount Blackwelder (2340 moh) og Pivot Peak (2450 moh) stig opp frå isfrie dalar. Den sørlege delen består hovudsakleg av mindre isdekte fjelltoppar. Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i 1992 etter Peter E. Wilkniss, ein kjemikar som frå 1975 hadde forskjellige stillingar i National Science Foundation.
Kjelder
Kategori:Fjellkjeder i Victoria Land Kategori:Scott Coast