mini|upright=2|Operaplakat for Aïda frå 1908. Opera er eit drama der teksten hovudsakleg vert sungen av skodespelarane i staden for å verte tala. Dette skjer oftast til orkesterakkompagnement. Opera kan au inkludere ballettscener og talt dialog, men dette varierer mellom dei forskjellige undersjangrane. Opera er nært beslekta med oratorium, syngespel, operetter og musikalar. Ordet «opera» kjem frå italiensk opera per musica som tyder 'musikkverk'.
Noreg Norske operaer Det er blitt skrive 120 operaer av norske komponistar før år 2000.Ida Karine Gullvik 2011-08-27 Klassekampen «Teppefall for norsk opera» side 50 Blant desse er Fredkulla 1859, Austanfyre sol og vestanfyre måne (1888–1890), Fiskeren (1900), Den røde pimpernell (1913), Stormfugler (1926) og Olav Liljekrans (1940). Andre norske operaer er Lajla og Stallo.
Kjente operakomponistar Georges Bizet (til dømes Carmen) Georg Friedrich Händel (til dømes Rinaldo) Wolfgang Amadeus Mozart (til dømes Tryllefløyta, Figaros bryllaup og Don Giovanni) Giacomo Puccini (til dømes Tosca, Madame Butterfly og La bohème) Gioacchino Rossini (til dømes Barberaren i Sevilla og Wilhelm Tell) Pjotr Tsjajkovskij (til dømes Eugen Onegin) Giuseppe Verdi (til dømes Il Trovatore, La Traviata og Aïda) Richard Wagner (til dømes Tannhäuser og Der ring des Nibelungen)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kunst Kategori:Underhaldning