Barton Mountains er ei fjellkjede i Ross Dependency i Antarktis. Ho består av Mount Usher, Graphite Peak, Tricorn Mountain og Mount Clarke, og ligg sør for Commonwealth Range og Hughes Range og grensar til Keltiebreen, Brandaubreen, Leigh Huntbreen og Snakeskinbreen i Dronning Maudfjella. Dei vart kartlagde av US Geological Survey frå landmålingar og frå flyfotografi teken av U.S. Navy , 1958–63.
Fjella vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names etter kapteinløytnant Walter H. Barton i US Navy, øvstkommanderande i skvadron VXE-6 ved Beardmore South Camp i 1985–86. Barton utvikla, koordinerte, og utførte den logistiske planen for denne store og avsidesliggande leiren. Planen tok 78 dagar å utføre og kravde over 800 flytimar frå Beardmorebreen-området.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Barton Mountains» frå , den 28. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjellkjeder i Ross Dependency Kategori:Dufek Coast