Gamburtsevfjella (òg kalla Gamburtsev subglasiale fjellkjede) er ei subglasial fjellkjede aust i Antarktis, nær Dome A. Fjellkjeda vart oppdaga av Den tredje sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1958 og er kalla opp etter den sovjetiske geofysikaren Grigorij A. Gamburtsjov. Ho er kring 1200 km lang, og sjølve fjella er kring 2700 meter over havet, men er dekt med over 600 meter is og snø. Ein trur at Gamburtsevfjella har omtrent same storleik som Alpane i Europa, og det er så langt usikkert korleis dei oppstod, men ein trur at fjella er meir enn 34 millionar år gamleThe Gamburtsev mountains and the origin and early evolution av Antarktis Ice Sheet, Sun Bo, Martin J. Siegert, Simon M. Mudd, David Sugden, Shuji Fujita, Cui Xiangbin, Jiang Yunyun, Tang Xueyuan & Li Yuansheng; Nature magazine 459, 690-693 (2009-06-04), accessed 2009-06-09 og kanskje opp mot 500 millionar år gamle. Datamodellar indikerer at Det austantarktiske isdekket vart danna frå isbrear som starta å flyte ned frå Gamburtsev-fjella mot slutten av eocen. Vostok subglasiale høgland er ei austleg forlenging av Gamburtsev subglasiale fjellkjede.Vostok Subglacial Highlands: Antarktis geographic.org
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gamburtsevfjella» frå , den 28. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjellkjeder i Antarktis Kategori:Geografi i Princess Elizabeth Land