Samppa Kalevi Lajunen () er ein finsk tidlegare kombinertløpar frå Åbo som mellom 1997 og 2002 tok medaljar i samtlege internasjonale meisterskap. Høgdepunktet kom under OL 2002 i Salt Lake City, der han tok tre av tre moglege gullmedaljar. Han vann eitt VM-gull i lagtevlinga 1999, fem VM- og OL-sølv, i tillegg til tre bronsemedaljar i to ulike verdsmeisterskap. Lajunen vann verdscupen i kombinert i 1997 og 2000, medan han 2002 og 2004 kom på andreplassen i same. Mellom 1997 og 2004 sigra han i 20 renn i verdscupen.

Aktiv Lajunen vann verdscupen i kombinert i 1997. Same sesongen fekk han si fyrste VM-medalje, ein sølvmedalje i lagtevlinga under verdsmeisterskapen på ski i Trondheim. Han gjekk då tredjeetappen for det finske lag som var i mål vel 45 sekundar bak gullaget til Noreg. I den individuelle tevlinga kom han heilt nede på 17. plass.

Under dei olympiske leikane i Nagano i 1998 tok Lajunen sølvmedaljen bak Bjarte Engen Vik i det individuelle rennet, før han så fekk eit nytt lagsølv med Finland. Som i olympiaden året før vart Vik for sterk i normaløvinga i ski-VM 1999 i Ramsau, med Lajunen på ein klar andreplass. I lagtevlinga gjekk Lajunen Finland til ein overlegen siger; Hannu Manninen, Tapio Nurmela og Jari Mantila var dei andre verdsmeistrane. Til sist i meisterskapen kom Lajunen på femteplass i den nye meisterskapsøvinga med sprint/halvprogram.

Gjennom 2000-sesongen, då det ikkje vart arrangert internasjonalt meisterskap for kombinert-utøvarane, steig Lajunen til topps i heile åtte renn i verdscupen. Han kom dessutan seks gongar på andreplass i verdscuprenn, og vann FIS sin kombinertpokal på suverent vis.

På finsk heimebane i Lahti 2001 fekk Lajunen sølvmedaljen i begge dei individuelle øvingane. Han var over minuttet bak Vik i normaløvinga, men berre 6,2 sekundar bak tyske Marco Baacke i halvprogrammet. I lagtevlinga vart det bronse på Lajunen og Finland.

Lajunen vann alle kombinertøvingane under vinter-OL 2002 i Salt Lake City. Han opna med å vinne normaløvinga, knappe 25 sekundar føre landsmannen Jaakko Tallus. I lagtevlinga gjekk Lajunen den fyrste etappen for Finland på den avsluttande stafetten, og vart etterfylgd av Mantila, Tallus og Manninen, sistnemnde gjekk i mål vel sju sekundar føre Tysklands ankermann. Den 27. februar fullførte Lajunen sin storeslem då han vann halvprogrammet med ni sekundars forsprang til Ronny Ackermann, tyskaren som tok sølvmedaljen.

I sin siste sesong som kombinterløpar, 2003, tok Lajunen bronsemedaljen i normaløvinga i ski-VM 2003 i Val di Fiemme. Han fekk ein ny bronse i lagtevlinga, og vart så nummer åtte i halvprogrammet.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Trondheim 1997: Sølvmedalje i lagtevlinga Nagano 1998: Sølvmedalje i den individuelle øvinga og i lagtevlinga Ramsau 1999: Sølvmedalje i normaløvinga og gullmedalje i lagtevlinga Lahti 2001: Sølvmedalje i begge dei individuelle renna, bronsemedalje i lagtevlinga Salt Lake City 2002: Gullmedalje i begge dei individuelle renna, samt i lagtevlinga Val di Fiemme 2003: Bronsemedaljar i normaløvinga og i lagtevlinga

Verdscupsigrar Dato Stad Øving 5. januar 1997 Schonach Normal 14. januar 1997 Val di Fiemme Normal 28. november 1997 Rovaniemi Sprint 30. januar 1999 Chaux-Neuve Normal 6. mars 1999 Lahti Normal 11. desember 1999 Vuokatti Sprint 21. desember 1999 Steamboat Springs Sprint 3. januar 2000 Oberwiesenthal Sprint 11. januar 2000 Val di Fiemme Normal 16. januar 2000 Breitenwang Sprint 8. februar 2000 Nozawa Onsen Sprint 26. februar 2000 Chaux-Neuve Normal 17. mars 2000 St. Moritz Normal 9. desember 2001 Štrbské Pleso Sprint 1. mars 2002 Lahti Normal 3. mars 2002 Lahti Sprint 13. mars 2002 Trondheim Sprint 14. desember 2002 Harrachov Normal 8. januar 2003 Ramsau Sprint 23. januar 2004 Nayoro Einzel

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Samppa Lajunen» frå , den 1. mars 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Finske kombinertløparar Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2002