Mount Wegener er eit fjell med ei høgd opp mot 1385 moh. som ligg sentralt i Read Mountains i Shackletonkjeda i Antarktis.
Fjellet vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1967 og vart kartlagt av British Antarctic Survey (BAS) frå 1968-71. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i samband med at stader i området hadde fått namn etter geologar. Mount Wegener fekk namn etter Alfred L. Wegener (1880–1930), ein tysk astronom, meteorolog, arktiskfarar og ein pioner innan teorien om kontinentaldrift. Wegener var professor i geofysikk og meteorologi ved University of Graz i Austerrike mellom 1924–30 og var leiar av dei tyske ekspedisjonane til Grønland i 1929 og 1930, før han mista livet på isdekket i november det året.
Kjelder
Kategori:Fjell i Coats Land