Hans Holtermann (fødd ca. 1709, død 1781) og kjent som Hans Henrik Holtermann (eller Hans Henriksen Holtermann) var ein norsk forretningsmann (og omtala som commerceråd og borgar). Navnet Holtermann kom fra bestefaren som skal ha innvandra frå Rotenburg til Bergen i 1673 (borgarskap i 1676).Oppslag i Digitalarkivet: Borgerskap i Bergen 1600-1751, 4.mars 2013 Faren Henrik (1683-1728) fekk borgarskap som kjøpmann i Bergen, men budde på Gamlem og var gift med Meine Stokberg. Det var på denne tida ingen kjøpstad på Sunnmøre, Henrik Holtermann var ein såkalla «uteliggar» ved at han hadde løyve til å ligge ute i distriktet (i såkalla «kræmmerleier») og handle med bøndene der. Faren Henrik Holtermann åtte Brunholmen 1708-1727 (enka Mein Stochberg kjøpte i 1730 Djuvika og flytta dit), Hans Holtermann sat med Brunholmen i 1732-1738. Brunholmen er ein av dei eldste handelsstadane i det som vart sentrum Ålesund by.Ekroll, Knut (1918): Brunholmen i Aalesund og kongeparrets opphold der 1733. Tidsskrift for Sunnmør Historiske lag. 1916-1917. 8-9de aargang. Utgitt i Aalesund.Dale, Bjørn Jonson (1987): «Borgarsetet Brunholmen». I Brunholmen og Molja (red av Kjell Skorgevik), Aalesunds Museums skrift nr 16. Brunholmen var vertskap for Christian VI då han med eit stort følge reiste langs kysten i 1733.Digitalt fortalt: En danskekonge på Brunholmen lest på nett 4.mars 2013. Holtermann var handelsmann i Molde 1746-1750Schneider, J.A. (1905): Molde og Romsdalen. En historiske oversigt. Trondhjems historiske forening/Oscar Andersens bogtrykkeri. og i Djuvika (Djupvika) i Vegsund, Borgund.Dale, Bjørn Jonson (1995): Ørstingar - ættebok for Ørsta. Del 1 1600-1900. Ørsta: Ørsta kommune, s. 132. På Sunnmøre var han ein av dei første som byrja med klippfiskhandel. «Hans Holtermann er den første, som satte Klipfisk-Handelen i Drift her paa Stædet», skreiv Hans Strøm.Strøm, Hans (1762): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør beliggende i Bergen Stift i Norge. Første Part. Sorøe: Trykt hos Jonas Lindgren, s.496.
Han var gift først med Margaretha Knudsdatter Wiig (Vik eller Ørstavik i Ørsta) (1692-1743). Eit måleri (epitaf) som viser Knud Wiig, kona og barna har høyrt til i Ørsta kyrkje, med teksten: «Gud til Ære Dette Hans Huus til zirat Er Denne ovenstaaende Epitaphium foræret af Knud Nielsen Wiig og Ragnelde Laridtz Datter med sine Børen. Herren Holde sin Beskiermelse over alt. Anno 1703 den 28 Julius.»Tidsskrift for Sunnmøre Historielag, 2dre årgang, Ålesund, 1911. Margarethas eldste søster var gift med Jørgen Hansen Høgh (1678-1737) som var handelsmann og sorenskrivar for Sunnmøre.
Han gifta seg deretter med Ingeborg Cathrina (Cathrine) Hagerup (fødd 30. august 1730 - død 1796), dotter av biskop Eiler Hagerup.Erlandsen, Andreas (1855): Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Trondhjems Stift. Christiania: Chr. Tønsbergs forlag. mini|venstre|Giske kyrkje i 1927, restaurert av Holtermann og Hans Strøm i 1756. Han kjøpte øya Giske (resten av Giskegodset åtte amtmann Hans Hagerup) kring 1750 og i 1760 Austrått.SNL: Austrått lese på nett 2.mars 2013. Holtermann vart også eigar av Giske kyrkje og gjennomførte saman med Hans Strøm ei stor renovering av det forfalne bygget.Giske kyrkje på kyrkjebyggdatabasen lese på nett 2.mars 2013. Holtermann skal ha gjeve 26.000 riksdalar for Austrått.Moe, Wladimir (1920): Norske Storgaarder. 2.utg. Kristiania: Aschehoug. Same år selde han Giske for 5000 riksdalar til Nils Hagerup (fødd Pettersen).Bjørge, Magnar Kruse (1960): Familien Abelseth. Trykt/utgitt i Ålesund. Etter reparasjonen av Giske kyrkje forfatta Hans Strøm eit epitafium med ros av Holtermann:Tennø, Karl og Knut Ekroll (1914): Litt om Giske kapel. Tidsskrift for Sunnmøre Historielag, 6te årgang, Aalesund, 1914. «Sikkert var gudshuset faldt, glemt som det var alverden, hadde ei Holtermann faat, den gjæve eier og værge, reist dig til fordums magt. Og kongen har arbeidet bifaldt.»
Kjelder
Holtermann, Hans Holtermann, Hans Holtermann, Hans Holtermann, Hans Kategori:Nordmenn frå 1700-talet