Mount Shinn er eit fjell som er 4660 moh og som står 6 km søraust for Mount Tyree i Sentinel Range i Ellsworth Mountains. Det vart oppdaga på ein flytur under Det internasjonale geofysiske året i januar 1958, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kapteinløytnant Conrad S. (Gus) Shinn i U.S. Navy, som var pilot på somme av desse flyturane. Shinn flydde det første flyet som den 31. oktober 1956 landa på den geografiske Sørpolen. Fjellet vart trudd å vere over 4800 meter over havet, men vart målt på nytt i 2001 av Damien Gildea og Rodrigo Fica frå Omega Foundation.
Kjelder
Kategori:Ellsworth Mountains Kategori:Fjell i Ellsworth Land Kategori:4000 m-toppar