Miriam Makeba () var ein sørafrikansk songar som verka innan ei rekkje sjangrar, og blei kjend over heile verda. Makeba bidrog til å gjera afrikansk musikk kjend for eit større publikum. Ho engasjerte seg òg i kampen for menneskerettar, og var ein hard kritikar av det sørafrikanske apartheidregimet. Store delar av livet sitt levde ho i eksil.
Miriam Makeba sin best kjende song er truleg «Pata Pata» frå 1957, følgd av «The Click Song», ei tolking av ein tradisjonell xhosasong som gjer bruk av klikkelydar og swahilisongen «Malaika». Ho samarbeidde musikalsk med ei rekkje artistar, som Harry Belafonte, Dizzie Gillespie, Paul Simon og Hugh Masekela.
Som følgje av antiapartheidarbeidet sitt blei Makeba utestengd frå Sør-Afrika i 1960-åra. Etter eit vitnesbyrd for generalforsamlinga i SN i 1963 blei ho fråteken statsborgarskapet sitt. Sjølv leia ho ein kultur-boikott av landet. Ho kunne først venda tilbake til fødelandet etter at apartheidstyret fall i 1990.
Makeba var gift fleire gonger. I 1950 fekk ho sitt einaste barn, dottera Sibongile (Bongi). Ho var gift med musikaren Hugh Masakela frå 1962 til 1964. Frå 1968 til 1978 var ho gift med Stokely Carmichael (seinare Kwame Touré). Hans tilknyting til Black Panthers førte til at ho blei utestengd frå musikklivet i USA i ei årrekkje. Paret slo seg ned i Guinea, der Makeba budde i fleire år og blei gjort til SN-utsending for. Etter at dottera hennar døydde i barsel flytta ho til Brussel i Belgia.
Miriam Makeba var aktiv musikar også på sine eldre dagar. Ho døydde av hjarteåtak i 2008 etter å ha opptredd på ein konsert retta mot camorraen (mafiaen) i Napoli.
Utgjevingar Album 1960: Miriam Makeba 1960: The Many Voices Of Miriam Makeb 1962: The World Of Miriam Makeba 1963: Makeba 1965: Makeba Sings 1965: An Evening With Belafonte/Makeba (med Harry Belafonte) 1965: The Click Song 1966: All About Makeba 1966: Malaisha 1967: Miriam Makeba In Concert! 1967: Pata Pata 1968: Makeba! 1974: The Promise 1975: Country Girl 1977: Pata Pata 1988: Sangoma 1989: Welela 1991: Eyes On Tomorrow 1993: Sing Me A Song 1994: Promise 1998: Live From Paris & Conakry 2000: |Homeland 2002: Keep Me In Mind 2004: Reflections 2006: Makeba Forever
Samlealbum 1991: Africa 1960-65 recordings 1991: Eyes On Tomorrow 1998: The Best Of Miriam Makeba & The Skylarks: 1956 – 1959 recordings 2000: Mama Africa: The Very Best Of Miriam Makeba 2001: The Guinea Years 2002: The Definitive Collection 2003: The Best Of The Early Years
Filmar (utval) Come Back, Africa (1960) Sarafina! (1992) Amandla!: A Revolution in Four-Part Harmony (2002) Mama Africa (2011, dokumentar om Miriam Makeba)
Bøker Makeba: My Story (1988, med James Hall)
Prisar og utmerkingar 1966: Grammy-prisen for beste folkemusikkinnspeling 1986: Dag Hammarskjölds fredspris 2001: Otto Hahns fredsmedalje i gull 2002: Polarpriset
Bakgrunnsstoff
Kjelder
«Obituary: Miriam 'Mama Africa' Makeba» (11. november 2008), bbc.co.uk Graeme Ewens, «Miriam Makeba» (11. november 2008), Guardian.co.uk Jon Lusk, «Miriam Makeba: Singer banned from her native South Africa for fighting apartheid» (11. november 2008), Independent.co.uk «Miriam Makeba» (28.02.2013), Store norske leksikon
Denne artikkelen bygger på «Miriam Makeba» frå , og «Miriam Makeba» frå den 4. mars 2013.
Kategori:Sørafrikanske musikarar