Mount Todd er eit fjell på opp mot 3600 moh som ligg heilt nord i Probuda Ridge nord i det sentrale Sentinel Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Det ligg oppom Embreebreen i vest, Patleynabreen i nordaust og Ellenbreen i sør-søraust.
Fjellet vart namngjeve i 1984 av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Edward P. Todd, ein fysikar i National Science Foundation frå 1963–84, og direktøren i Division of Polar Programs i National Science Foundation (NSF) frå 1977–84.
Todd Peak ligg 3 km nord-nordaust for Mount Press og 8,65 aust-nordaust for Mount Hale. Det vart kartlagd av United States Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto teken av U.S. Navy i 1957-60.
Kjelder SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
Kategori:Ellsworth Mountains Kategori:Fjell i Ellsworth Land