Mount Gilbert er eit fjell på 1420 moh. ved skiljet mellom Airybreen og Sellerbreen, 8 km nordvest for Mount Castro vest og sentralt på Den antarktiske halvøya.

Det vart fotografert frå lufta av British Graham Land Expedition i februar 1937, og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i november 1947. Det vart kartlagt frå bakken av Falkland Islands Dependencies Survey i desember 1958, og vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter William Gilbert, ein engelsk fysikar som med det banebrytande verket De magnete, magneticisque corporibus (1600) la grunnlaget for forståinga av jordmagnetisme og kompasset.

Kjelder

Kategori:Fjell i Graham Land Kategori:Fallières Coast