Klaus Wiese () var ein tysk musikar, minimalist og multi-instrumentalist. Han var ein meister på tibetansk syngeskål og skapte ei rekkje album ved hjelp av desse. Wiese nytta i tillegg stemma si, sitar, persiske strengeinstrument, klokkespel og andre ekotiske instrument i musikken sin.
Wiese vert rekna som ein av dei store musikarane innan ambient eller space-musikk. Musikkstilen hans vert samanlikna med organiske lydlandskap med bordun og dark ambient-musikk som Oöphoi, Alio Die, Mathias Grassow og Tau Ceti.
Han var ei kort stund medlem av krautrockbandet Popol Vuh tidleg i 1970-åra, der han spelte tamboura på albuma Hosianna Mantra og Seligpreisung. Wiese gjekk etter kvart bort frå krautrock og laga sin eigen ambient musikk med lange tonar i 1980-åra.
Wiese har òg samarbeidd med Al Gromer Khan, Mathias Grassow, Oöphoi, Tau Ceti, Sam Schlamminger og Ted de Jong. Han samarbeidd med Deuter på albumet hans Silence is the Answer i 1980 og East of the Full Moon i 2005.
Han reiste mange år i Asia for å studere sufisme og mystisisme som tydleg har prega den ambiente musikken hans.
Klaus Wiese døydde brått og uventa 27. januar 2009, 67 år gammal.http://www.el-culto.eu/english/music/projects/klauswiese/index.html
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Klaus Wiese» frå , den 8. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Klaus-Wiese.com — official website Discogs page on Klaus Wiese Artist Direct page on Klaus Wiese Klaus Wiese on aquariusmusic.com
Kategori:Tyske electronicamusikarar Kategori:Ambient-musikarar Kategori:New Age-musikarar