mini|Konvensjonsgarden i Moss mini|Hovudbygninga ved Moss Jernverk, Konvensjonsgården og Mossefossen av John William Edy frå 1800. Konvensjonsgarden eller Konvensjonsgården er den gamle administrasjonsbygningen til Moss Jernverk i Moss. I 1814 var bygningen hovudkvarter for den norske regjeringa under krigen med Sverige og Mossekonvensjonen blei forhandla og underteikna her.

Kristian Fredrik budde på verket frå 21. juli og hadde bygningen som si base til han reiste herfrå og til Bygdøy 17. august.Lauritz Opstad, Moss Jernverk, M. Peterson & søn, Moss, 1950, side 226–234

Den eldste delen av bygningen er frå rundt 1770 da Erik Anker var eigar.Ola Øgar Svendsen: Gamle hus i Østfold, Cappelen forlag 1980, side 113 digital utgåve

I 1995 vart ei statue av Kristian Fredrik avduka ved bygget.Om Konvensjonsgården frå Kulturnett Østfold

Konvensjonsgarden er saman med Mossefossen tusenårsstaden til Moss.Moss by- og industrimuseum

Bygninga er freda og er eit kulturminne.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Jernverk Kategori:Kulturminne i Moss Kategori:Freda bygg i Østfold Kategori:Tusenårsstader Kategori:1814 i Noreg Kategori:Byggverk i Moss