Mount Wilcox er eit fjell med ein spiss, pyramideforma fjelltopp, søraust for Square Bay, 13 km aust for Camp Point på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Fjellet vart først sett og grovt kartlagd i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Charcot. Det vart kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under John Rymill og vart fotografert frå lufta i 1940 av U.S. Antarctic Service (USAS). Namnet vart foreslått av oberst Lawrence Martin, etter Phineas Wilcox, styrmann på «Hero», som kaptein Nathaniel Palmer nytta då han utforska det antarktiske fastlandet sør for Deceptionøya i 1820.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ount Wilcox (Antarctica)» frå , den 9. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjell i Graham Land Kategori:Fallières Coast