Metavolcanic Mountain er eit stort fjell i Antarktis med flat topp og ei høgd på 2480 moh. Det ligg 5 nautiske mil (9 km) nord for Hatcher Bluffs på austsida av Reedybreen. Fjellet består av mørkt metavulkansk berg og står i kontrast til den lysare granitten i fjella elles langs isbreen. Det vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi i U.S. Navy, 1960-64. Namnet vart foreslått av geologen J.H. Mercer frå Institute of Polar Studies ved Ohio State University, etter at han hadde ha gjort undersøkingar i nærleiken.
Kjelder
Kategori:Fjell i Marie Byrd Land