mini|Den gamle Hove kyrkje i Vik. Anders Daae () var ein norsk prest og godseigar.SNL: Daae lese 10. mars 2013. Han var prost og sokneprest i Vik i Sogn (eit embete han hadde i over 50 år). Kallet i Vik skal han ha fått ved ei vitjing på det kongelege slott i København og med hjelp av prinsesse Sophie Hedevig. Han skal i følgje Lampe ha opparbeida ei formue på 40000 riksdalar hovudsakleg i fast eigedom. Han åtte kyrkjene i prestegjelda Vik og Lærdal med «Jordegods og Tiender samt flere andre i baade Ytre og Indre Sogn». Daae vart rekna som den rikaste mannen i Sogn i si tid.NRK fylkesleksikon SF lese 1.juni 2013. Berre to år etter lov om ålmenskule oppretta Daae som ein av dei første i landet fast skule i Vik.NRK fylkesleksikon lese 1. juni 2013.
Anders Daae var gift med Birgitte Ludvigsdatter Munhte (1686–1770). Birgitte var dotter av Ludvig Christophersen Munthe (1657–1708), den førre presten i Vik, via oldefaren biskop Ludvig Munthe var ho også tremenning av Ludvig Holberg. Mor til Birgitte var Karen Leganger, dotter av Iver Leganger, og Birgitte arva mykje av godset etter bestefaren. Ei tid hadde Daae to av sønene sine samstundes som «personelle kapellaner» i Vik.Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
Anders Daae og Birgitte Munthe gav opphav til ei av største embetsmannsættene på Vestlandet, sjå Daae. Sonen Ludvig Daae (1723–1786) var sokneprest i Lindås og eigar av jordegods og kyrkjer som faren.
Kjelder
Kategori:Norske prestar