Stortingsvalet 1969 var eit stortingsval i Noreg, hausten 1969. Oppslutninga var på 83,8 %. Det vart vald 150 stortingsrepresentantar. Valet var særs jamt mellom venstresida og høgresida. Ein kunne kome i den situasjonen at kvar side skulle få 75 representantar kvar. Då ville det ha vorte problematisk å avgjera kven som skulle danna regjering. Før stortingsvalet 1973 vart det lagt til fem ekstra mandat, for å unngå ein slik situasjon. Arbeidarpartiet gjekk fram i høve til stortingsvalet 1965, og fekk mest åleine halvdelen av alle mandata i Stortinget. Venstresida fekk ikkje fleirtal i Stortinget, i og med at Sosialistisk Folkeparti gjekk attende og ikkje fekk representantar denne gongen.

Resultat PartiDel av røystene (%)Endring i høve til 1965MandatEndring i høve til 1965Arbeidarpartiet 46,5+ 3,474+ 6Høgre 18,8- 1,529- 2Senterpartiet 9,0- 0,420+ 2Kristeleg Folkeparti 7,8014+ 1Venstre9,4- 0,813- 5Sosialistisk Folkeparti 3,4- 2,60- 2Noregs Kommunistiske Parti1,0- 0,400Noregs Demokratiske Parti 0,03+ 0,0200 Samefolkets Liste 0,02+ 0,0200 Borgarlege felleslister3,8+ 2,00¹0 Fellesliste av Sosialistisk Folkeparti og Noregs Kommunistiske Parti0,1+ 0,100 Total1000 1500

¹Mandat frå borgarlege felleslister fordelt på einskilde parti.

Dei borgarlege felleslistene var: Høgre og Kristeleg Folkeparti i Bergen Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet i Akershus, Troms og Vestfold

Statistisk Sentralbyrå lagar ein statistikk over valresultatet med felleslistene oppløyst på dei einskilde partia. Resultata for desse partia på landsbasis vert då:

Politisk parti Røyster i prosent Endring frå 1965 Høgre 19,6 - 1,5 Kristeleg Folkeparti 9,4 + 1,3 Senterpartiet 10,5 + 0,6

Kjelder Statistisk Sentralbyrå Stortingsforhandlinger 1969-70 (Oslo, 1970)

1969 Kategori:Val i 1969 Kategori:Hendingar i 1969 Kategori:1969 i Noreg