Ravel Peak er eit isolert fjell, med ei høgd opp mot kring 1300 moh, som ragar over Debussy Heights nord på Aleksanderøya i Antarktis. Fjellet har ei pyramideform sett frå austsida. Det vart først kartlagd frå flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Maurice Ravel (1875–1937), ein fransk komponist i samband med at andre landformer i nærleiken vart kalla opp etter komponistar.

Sjå òg

Copland Peak Lamina Peak Richter Peaks

Kjelder

Kategori:Fjell på Aleksanderøya