Angle Peak er eit lite, men dominerande fjell som stig opp frå ein av utstikkarane på nordsida av Condor Peninsula i Antarktis. Fjellet ligg like sør for der Clinebreen møter Odomfjorden, på austkysten av Palmer Land. Det vart kartlagd av US Geological Survey i 1974, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter J. Phillip Angle frå Smithsonian Institution, som observerte fuglar utanfor vestkysten av Sør-Amerika i 1965, og i Antarktis i områda sørover til Marguerite Bay på Den antarktiske halvøya i 1966. Han samarbeidde med George E. Watson i å skrive Birds of Antarctica in South Sub-Antarctica, 1975.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Angle Peak» frå , den 15. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjell i Palmer Land