Fogg Highland er eit isdekt høgland, 20 nautiske mil langt og 10 nautiske mil breitt på Black Coast i Palmer Land i Antarktis, som endar nordaust på Cape Herdman og som grensar i nord til Violantefjorden og i sør til Clowesbreen.
Fjellet vart fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service i 1940, Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) i 1947, og U.S. Navy, 1965–67. Det vart kartlagd av eit felles sledelag frå RARE og Falklands Islands Dependencies Survey i november 1947, og vart namngjeven i 1981 av UK Antarctic Place-Names Committee etter Gordon Elliott Fogg, ein professor i marinbiologi ved University College of North Wales, 1971–85, som forksa på Den antarktiske halvøya i lag med British Antarctic Survey (BAS) i 1966, 1974, og 1979. Han var styreleiar i BAS sin vitskaplege rådgjevande komite, 1970–86.
Kjelder
Kategori:Fjell i Palmer Land