Mount Hope er eit massivt fjell med ei høgd på 3239 meter over havet og er det sentrale og høgaste fjellet i Eternity Range, nord i Palmer Land. Det vart først sett frå lufta og namngjeve Mount Hope avLincoln Ellsworth under flyturen hans den 21. og 23. november 1935. Dette fjellet er eit av tre fjell i Eternity Range som Ellswort kalla opp etter «tru, håp og kjærleik» (Faith, Hope ogCharity).

Året etter vart fjellet kartlagd og gjeve namnet Mount Wakefield av J.R. Rymill frå British Graham Land Expedition (BGLE) i november 1936. Fjellet vart så fotografert frå lufta av United States Antarctic Service (USAS) i september 1940, og av Ronne Antarctic Research Expedition (RARE) i desember 1947. Etter nøye studiar av rapportar, kart og bilete frå desse ekspedisjonane, i tillegg til meir landmåling av området av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960, vart konklusjonen at Ellsworth sitt Mount Hope og Rymill sitt Mount Wakefield er dei same. Mount Hope vart derfor det gjeldande namnet, medan Wakefield vart flytta til Wakefield Highland like mot nordvest.

Kjelder

Kategori:Fjell i Palmer Land