Caroline Mikkelsen-fjellet er eit lita kystfjell på 235 moh mellom Hargreavesbreen og Polar Times-breen på Ingrid Christensen Kyst. Fjellet ligg oppom sørsida av Prydzbukta, 4 nautiske mil nord-nordvest for Svarthausen, og er den høgaste toppen i nærleiken. Det vart oppdaga 20. februar 1935 av kaptein Klarius Mikkelsen på «Thorsham», ein norsk kvalbåt sent ut av Lars Christensen. Det er kalla opp etter kona til kaptein Mikkelsen, Caroline Mikkelsen, som var med Klarius på denne reisa og vart den første kvinna som nokon gong sette fot i Antarktis.

Kjelder

Kategori:Fjell i Princess Elizabeth Land