Johan Christian Clausen Dahl () var ein norsk kunstmålar. Han vert ofte omtala som J. C. Dahl eller I. C. Dahl. Biografi Han blir rekna som den første norske biletkunstnaren som kunne måla seg med europeiske meistrar, og som ein av grunnleggjarane av den nasjonalromantiske kunsten som oppstod ved byrjinga av 1800-talet.
Dahl blei fødd i Bergen i 1788 som den eldste av fleire søsken. Far hans (Claus Dahl) var fiskar og flyttmann. I.C. Dahl skulle eigentleg bli handverksmålar, men etter kvart som talentet hans blei oppdaga, blei han hjelpt økonomisk av Lyder Sagen slik at han kunne gå på teikneskule. Dahl studerte mellom anna hjå Johan F. L. Dreier og seinare på Det Kongelige Danske Kunstakademi i København.
I København bygde han seg opp eit namn og flytta seinare til Dresden der han blei professor ved kunstakademiet. Her la han grunnlaget for den norske nasjonalromantiske retninga. Dahl var på stadige besøk til Noreg for å få inspirasjon.
Galleri
Bakgrunnsstoff Biografi på kunstweb Kunstnerregisteret på Kulturnett.no I.C. Dahl- NRK fylkesleksikon j.c. dahl - Bergen Kunstmuseum
Kategori:Norske målarar Kategori:Kunstnarar frå Bergen Kategori:Romantiske målarar Kategori:Den danske gullalderen Kategori:Medlemmar av det kongelege svenske kunstakademiet