Birger Martin Bergersen () var ein norsk zoolog, diplomat og politikar (Arbeidarpartiet).
Han oppnådde lærareksamen (1915), cand.real. i zoologi ved Universitetet i Oslo (1925), og vart seinare professor i odontologi ved same universitet og hadde fleire studieturar i utlandet og dessutan Rockefellerstipend (1926–1927). Denne bakgrunnen gjorde at han vart vald inn i den norsk-russiske selfangstkommisjonen frå 1926 og formann i Kvalrådet 1936—54, og seinare president i Den internasjonalen kvalfangstkommisjonen 1947-53. Han var òg i styret til Sjøfartsmuseet frå 1928.
I perioden 1925-1947 var han tilsett ved Noregs Tannlegehøyskole, professor i anatomi frå 1932 og rektor frå 1939, avsett i 1942. Som byråkrat og diplomat var han i Forsyningsdepartementet i London (1942–45), før han arbeidd som sendemann (1946) og seinare ambassadør i Stockholm (1947–1953). Han var deretter Kyrkje- og undervisningsminister (1953–1960).
Bergersenfjella, Statsrådsbreen og Birgerhøgda i Dronning Maud Land er kalla opp etter han.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Birger Bergersen» frå , den 16. mars 2013.
Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen III Kategori:Norske ambassadørar Kategori:Norske medisinprofessorar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Norske tannlegar Kategori:Folk frå Kvæfjord