Dome F, òg kalla Dome Fuji (ドームふじ Dōmu Fuji), Valkyrie Dome eller Valkyrjedomen, ligg aust i Dronning Maud Land. Med ei høgd på 3810 moh. er han det nest høgast punktet eller iskuppelen på Det austantarktiske isdekket og dannar eit isskilje. Dome Fuji-stasjonen, ein japansk forskingsstasjon, ligg på Valkyrjedomen.

Oppdaging og namngjeving Valkyrjedomen er ein iskuppel med ei høgd på kring 3700 moh. aust i Dronning Maud Land. I 1963-64 kryssa Den sovjetiske antarktisekspedisjonen norddelen av høgda i ei høgd på 3600 meter over havet. Høgda was skissert av SPRI-NSF-TUD under ekkoloddmåling 1967-79. Det vart namngjeven Valkyrjedomen etter valkyrjane i norrøn mytologi.

Miljø På grunn av plasseringa på det antarktiske platået og høgda, er Valkyrjedomen ein av dei kaldastane stadane på jorda. Temperaturane stig sjeldan over -30 °C om sommaren og kan falle til -80 °C om vinteren. Den årlege middeltemperaturen er -54,3 °C. Området har klimaet til ein isørken, med særs tørre tilhøve og ein årleg nedbør på berre kring 25 millimeter nedbør i form av vatn. Nedbøren fell utelukkande som iskrystallar.

Dome Fuji-stasjonen Dome Fuji-stasjonen (ドームふじ基地 Dōmu Fuji Kichi) vart oppretta som «Dome Fuji observasjonsbase» (ドームふじ観測拠点 Dōmu Fuji Kansoku Kyoten) i januar 1995. Namnet vart endra i 2004. Han er ligg kring 1 000 km frå Showa-basen.

Glasiologi Djup iskjerneboring på Valkyrjedomen vart starta i august 1995 og i desember 1996 hadde ein nådd ei djupne på 2503 meter. Denne første iskjernen dekkjer ein periode som går attende 340 000 år.

Kjernekvaliteten ved Dome Fuji-stasjonen i Aust-Antarktis er særs høg, sjølv i dei skjøre områda frå 500 til 860 m djupne.

Ei ny djup iskjerneboring vart starta i 2004. Boringa vart utført i løpet av fire påfølgjande somrar, frå 2003/2004 til 2006/2007, og ein nådde ei djupne på 3035,22 meter. Boret hadde då enno ikkje nådd berggrunnen, men ein fann steinpartiklar og frose smeltevatn i den djupaste isen, noko som indikerer at berggrunnen er særs nær botnen av boreholet. Denne kjernen går attende heile 720 000 år. Isen i den andre Dome F-kjernen er derfor den nest eldste isen som nokon gong er henta opp, berre bak EPICA Dome C-kjernen.

Sjå òg Asuka-stasjonen Mizuho-stasjonen Showa-basen Dome A (òg kalla Dome Argus) Dome C (òg kalla Dome Circe, Dome Charlie eller Dome Concordia) Concordia i Antarktis EPICA Vostok-stasjonen Klima i Antarktis

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dome F» frå , den 17. mars 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Dome Fuji Deep Ice Coring Project Dome Fuji page av World Data Center (WDC) for Paleoclimatology, contains downloadable data for the first core National Institute of Polar Research, Tokyo, Japan Institute of Low Temperature Science, Sapporo, Japan COMNAP Antarktis Facilities COMNAP Antarktis Facilities Map

Kategori:Fjell i Dronning Maud Land Kategori:Iskalottar i Antarktis Kategori:Utpostar i Dronning Maud Land Kategori:Japan og Antarktis Kategori:Prins Harald Kyst