Hädrichberg er eit fjell, 2885 moh, som ligg aust i Håhellerskarvet i Mühlig-Hofmannfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Namnet «Hädrichberg», etter prokuristen i tidlegare Deutsche Luft Hansa, vart nytta i området av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–39) under Alfred Ritscher. Samsvaret mellom dette namnet og denne toppen kan vere tilfeldig, men er tilrådd for internasjonal einskap og for å halde på det historiske namnet.

Kjelder

Kategori:Fjell i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Astrid Kyst