Johnsonhorna er ei gruppe avsidesliggande fjelltoppar heilt nord i Midtre Petermannkjeda i Wohlthatmassivet i Dronning Maud Land i Antarktis. Dei vart oppdaga og kartlagd frå flyfoto av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen, 1938–39, vart kartlagde på ny frå flyfoto og landmålingar av Den sjette norske antarktisekspedisjonen, 1956–60, og vart kalla opp etter Rolf Johnson, som var stuert på den norske ekspedisjonen, 1958–59.
Kjelder
Kategori:Fjell i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Astrid Kyst Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn