Sayyid Qutb (), ar. , IPA [], var ein egyptisk, muslimsk tenkjar som frå 1940-åra vart ein av hovudpersonane i den egyptiske organisasjonen Det muslimske brorskapet. Synet hans hadde vidfemnande og djuptgåande verknad på dagens religiøse vekkingspredikantar i Midtausten. Det vert i dag sett på som ein del av den grunnleggjande ideologien bak islamismen, og det har eggja mange fundamentalistiske rørsler, både fredelege og opprørske.
Tidleg liv mini|Kart over Egypt med Asyut-regionen avmerkt. Qutb vart fødd i 1906 i Mush, ei lita bygd i Asyut-regionen i Egypt. Far hans, ein landeigar av mellomklassen, var ein religiøs mann som òg var aktivt med i det nasjonalistiske Wafd-partiet, som stod for sjølvstende og parlamentarisme for Egypt. Familien åt Qutb hadde vore rik ein gong, men dei kom i pengevanskar då han var ung og måtte selja størstedelen av landet sitt. Qutb studerte på ein verdsleg skule, men fekk òg religiøs undervising heime.
Som tenåring flytta han til Kairo for å studera på ein høgare allmennskule. Han gjekk ut i 1929 og byrja på Dar al-'Ulum, ein høgskule som på den tida vart sett på som ein mellomting mellom religiøse universitet som Al-Azhar og dei nye vestlege universiteta. På Dar al-'Ulum byrja Qutb å skriva dikt, romanar og litteraturkritikk, og han heldt fram med det på 1930-talet. Desse tidlegaste verka var for det meste verdslege og viser ein tendens til eksistensialisme.
Vegen til islamismen
Etter studia vart Qutb lærar og i 1939 fekk han jobb ved utdanningsdepartementet i Egypt. Han vart medlem i Wafd-partiet, og byrja å engasjera seg i kulturell nasjonalisme. I nokre artiklar skrivne i 1938, som svar til Taha Husayn si bok Framtida for kulturen i Egypt, hevda Qutb at Vesten stod for materialismen, medan Austen hadde eit meir åndrikt syn. Han meinte at det var uvitig for eit land å apa etter Vesten utan å tenkja på sin eigen arv. Han viser den same haldninga i to bøker som han skreiv om kunstnariske og litterære sider ved Koranen på midten av 1940-talet. Bøkene var ikkje ortodokse og vart skrivne frå ein litteraturkritisk synstad, men dei viser at Qutb vørde Koranen som ein av dei viktigaste delane av kulturen sin.
Hendingar i Midtausten etter slutten av andre verdskrigen skapte eit skarpt brigde i Qutb si meining. Krigen stogga ikkje europeisk imperialisme, som mange hadde trudd. Qutb vart òg svært arg over danninga av Israel som ein jødisk stat i 1948 med støtte frå Vesten. I tillegg var den egyptiske staten ureieleg og korrupt, og uroa i samfunnet voks. Alt dette var for han eit teikn på at det vestlege systemet ikkje var gagnleg for Egypt, og at det berre var islam som kunne lindra nauda i Egypt.
I 1948 skreiv Qutb si første radikale islamistiske bok, Sosial rettferd i islam. Idéane som Qutb la fram i denne boka er svært forskjellige frå dei som står i dei tidlegare verka hans. Boka viser at Qutb hadde kome til å avsky materialismen og alle vestlege levemåtar, som etter synet hans var ei plage frå Vesten som voks styrlaust og vilt i Egypt. Han sa at den einaste løysinga var å byggja islam att som ein ny, sterkare religion berre basert på Koranen. Han meinte at den einaste gongen menneske budde i eit fullkome samfunn, var i det 7. hundreåret medan det første kalifatet herska over Midtausten. Sidan kristendommen fekk makt over verda hadde dei fleste menneska levd i trældom under andre menneske, og under verdslege krav og press. Kapitalismen, kommunismen og andre vestlege system hadde ikkje evne til å fri menneske frå denne trældommen. Det var berre islam som kunne gjera det, fordi det berre var islam som prøvde å fri sjela åt menneskja frå å vera slavar. Alle andre religionar hadde enten mist eller rengd openberringa som Allah gav dei, eller fortapt seg i materialismen. Islam måtte difor gjenopplivast som eit nytt sosialt, politisk og økonomisk føredøme. Qutb trudde at dette var både naturleg og uavvendeleg, fordi det islamske systemet var det einaste som kunne skapa eit rettferdig samfunn. Han føresåg likevel at å prøva å byggja islam att ville avla strid mellom dei som gjorde det på den eine sida, og kommunismen, kapitalismen og materialismen på den andre.
Radikalisering
I 1948 drog Qutb til USA for å studera utdanningssystemet der. Han var i USA i 20 månader. Han vitja New York, Washington, Denver og California, men budde lengst i Greeley, ein småby i Colorado, og fekk til slutt ein mastergrad ved Colorado State College of Education (no University of Northern Colorado) der.
For Qutb vart det han såg og opplevde på reisa eit prov på det han hadde hevda i Sosial rettferd i islam. Sjølv om USA var eit rikt land og hadde vorte svært velståande, såg han ingenting ynskjeleg eller roseleg i det amerikanske samfunnet. Amerikanarar var i oppfatninga hans altfor overflatiske og verdslege. Dei hadde få kulturelle prestasjonar eller dugleikar å visa fram. Alt dei kunne gjera, og alt dei sette pris på, var å tena pengar og å få verdslege ting. Han stygdest også ved umoralen som han merka seg i det amerikanske samfunnet, særleg når det gjaldt seksualitet. Religion hadde også forsvunne. Han sa at kyrkjene minte han om ein marknadsplass der prestar tevla for å få den største kundekrinsen. Sosial rettferd i islam viser at det ikkje var USA-reisa som fekk han til å verta islamist, som nokre hevdar, men det er klart at reisa fekk han til å verta meir sikker på at vestlege levemåtar måtte avvisast.
I 1949, medan Qutb var i USA, vart Hasan al-Banna, grunnleggjaren av Det muslimske brorskapet, snikmyrda av den egyptiske staten. For Qutb var det eit teikn på at han måtte velja kva for ei side han stod på. I 1952 vart han medlem i Det muslimske brorskapet. Han vart redaktør av bladet deira, og vart snart kjend som ein av hovudideologane av islamismen i midtausten.
I desse åra slutta Qutb heilt å byggja eit kulturelt grunnlag for å gje islam den viktigaste rolla i samfunnet. Istaden byrja han å berre leggja fram religiøse og teologiske årsaker for det same. Ein ser brigdet i synet hans i endringane han gjorde i kvar ei ny utgåve av Sosial rettferd i islam. Sjølv om den første utgåva av Sosial rettferd i islam var bygd på eit sterkt religiøst grunnlag, var ho likevel mildare og mindre ortodoks enn seinare utgåver, særleg den sjette utgåva som kom ut i 1964. I den første utgåva la Qutb vekt på det at systemet som islam skapar var betre enn det dei vestlege systema kunne skapa. Men i seinare utgåver framheva han i staden at islam var eit fullkome og uklanderleg system som hadde ein makelaus plass i verda fordi, og berre fordi, Gud hadde ordna det slik. Han lét enno vel over dei mange dygdene åt det islamske systemet, men han brukte ikkje dei som ei årsak for å skuva islam fram. Islam måtte gjenopplivast fordi Gud hadde ordna det som systemet som var best tilpassa menneskja, og menneskja var bundne til å leva og arbeida som Gud hadde ordna.
«Ein ny jahiliyya» mini|Skisse av Sayyid Qutb Qutb og Brorskapet stødde Nasser i statskuppet mot kongen i 1952. Mange venta at Qutb skulle verta utnemnd til utdanningsminister, men det skjedde ikkje. Det var for mange politiske saker som Brorskapet og Nasser var ueinige om, og dei byrja snart å stå direkte mot kvarandre. Nasser slo ned på Brorskapet i 1954. Mange medlemmar, mellom anna Qutb sin bror, flykta til andre arabiske land. Qutb sjølv nekta å forlata Egypt, og var mellom dei som vart arresterte og sende i fengsel.
Tilstandane i fengselet var barske, og tortur var vanleg. I 1957 vart 20 fangar frå Brorskapet drepne i eit opprør i fengsel. Vaktarane såg hendinga gå føre seg, men prøvde ikkje å hindra drapa. Ein trur at desse erfaringane gjorde Qutb endå meir radikal. Det var etter desse hendingane at Qutb skreiv hovudverket sitt, I skuggen åt Koranen, ein kommentar i 30 band over heile Koranen som vart skriven og smugla ut frå fengselet.
Kommentaren la det teologiske grunnlaget for Qutb sitt politisk manifest. Koranen bruker eit spesielt ord, jahiliyya, for å skildra arabisk kultur slik han var før den islamske tida. Ordet er vanlegvis tolka som «barbarisme». Qutb gav ordet ei ny tyding — herredømet av mann over mann. Kjernen åt jahiliyya i tolkinga hans var at eit jahili-samfunn ikkje såg på Gud som den einaste makthavaren over menneskja. Istaden gav eit slikt samfunn vanlege menneske suverenitet. Heile den moderne levemåten var ordna for å gjera kvart menneske til makthavar over seg sjølv og andre menneske. Heile verda var difor «ein ny jahiliyya».
Qutb sa at den nye jahiliyyaen hadde skapt ei stor krise for menneskja. Menneskja vart skapte for å verta Gud sine viseregentar på jorda. Men i dei noverande samfunna hadde dei i staden vorte verre enn udyr. Det moderne livet hadde gått vekk frå menneskenaturen, og kunne ikkje sameinast med han lenger. Qutb meinte at grunnen til det var at menneskja hadde slutta å følgja vegen som Gud hadde vald ut for dei. Fordi menneskja ikkje hadde vore trufaste mot Gud hadde dei skilt kyrkja frå staten. Denne skiljinga hadde skapt ein fæl, smittande schizofreni som no fenga heile verda. Menneskja lengta etter Gud og eit liv ordna etter Gud, men i dei moderne samfunna var eit slikt liv sett på som ein motsetning til vitskap og framsteg. Denne striden leidde menneskja og samfunnet til galskap, og til å mista det som gjorde menneskja høgare enn dyr.
Qutb meinte at islam lét menneskja sameina desse to sidene av seg sjølv, fordi islam sameina alt og alle under hakimiyya, Gud sin herredom. Menneskja hadde gjort størst framsteg i islam sine tidlegaste dagar, då muslimar levde berre for Gud. Men skiljinga, som opphavleg var kristendommen sin feil, hadde òg infisert islam. Qutb sa at å skilja det heilage frå det verdslege, eller å godta andre kjelder enn Koran for lovar, etikk eller moral, var å nekta at berre Gud var herre. Å gjera det, sa han, var det verste lovbrotet i islam, sjirk, å avslå Gud. Sidan alle muslimske land, og alle muslimar, godtok og var glad i sjirk og jahiliyya, kunne dei ikkje kalla seg muslimar lenger. Islam, sa Qutb, var utdøydd.
At islam var utdøydd, var heilt katastrofalt, sa Qutb, fordi islam var så makelaus at det berre var dei som var praktiserande som kunne skjøna han. Ein som ikkje følgde Koranen sin veg var dømd til å misforstå kva islam tydde. Qutb sa at kvar ein som var glad i Koranen, og ville underkasta seg Gud og ta vegane hans, bar ei spesiell plikt på grunn av denne tilstanden. Koranen bad menneskja om å ikkje tola jahiliyya eller sjirk, og å arbeida for Gud si skuld. Alle som ville verta muslimar var difor bundne, som ei religiøs plikt, til å motstå det moderne samfunnet, og kjempa for å gjenoppliva ein ekte islam berre basert på Koranen.
Jihadplikt
I 1964 vart Qutb sleppt fri frå fengsel. Snart etterpå gav han ut ei bok under tittelen Milestolpar på vegen, som var eit politisk manifest for ytterleggåande islam. Qutb hadde hevda i I Koranen sin skugge at muslimar var bundne til å arbeida og kjempa for å etablera eit islamsk miljø over heile jorda, for å fri menneske frå trældom åt moderniteten. Milstolpar tok opp igjen denne saka, og skildra kvifor og korleis muslimar burde utføra det.
Qutb sa at den sosiale tilstanden i alle land i verda, som inkluderte dei såkalla muslimske landa, var uislamsk og i strid med islam. Denne nye jahiliyyaen var så gjennomtrengande at eit islamsk miljø ikkje kunne etablerast medan han heldt fram. Korleis kunne muslimar motstå han då? Mange hadde spurd dette spørsmålet før Qutb, og føreslått politikk og lovar basert på sjaria som svar. Qutb vraka dette svaret. I staden skildra han ein veg som muslimar måtte gå steg for steg. Boka greidde ut om forskjellige «milestolpar» som markerte kvart av desse stega.