«What If» (engelsk for Kva om) var det russiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Dina Garipova. Songen er skriven av Gabriel Alares, Joakim Björnberg og Leonid Gutkin.
Eurovision Song Contest 2013 Pervyj Kanal valde «What If» og Garipova internt til å representere Russland i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Russland vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 1 Songen starta som nummer seks, etter Danmark med «Only Teardrops» av Emmelie de Forest og før Ukraina med «Gravity» av Zlata Ognevitsj.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «What If (Dina Garipova song)» frå , den 23. mars 2013.
Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Russiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar